Republikken San Marino eller berre San Marino (italiensk: Repubblica di San Marino eller San Marino) er eitt av dei minste landa i verda og er på same vis som Vatikanstaten heilt omslutta av landet Italia. Landet har berre 33 000 innbyggjarar. Staten hevdar å vera verdas eldste republikk, som blei grunnlagd i år 301 av ein St. Martinus. Den nedskrivne grunnlova er frå 1600.

Klima San Marino ligg klimatisk i ei overgangssone mellom fuktig subtropisk klima og eit meir maritimt klima. Om vinteren har ein få dagar med frost og snø, medan sommaren er varm og forholdsvis tørr. Årsmiddeltemperaturen er 13-15 °C, men dette varierer med høgda. Den årlege nedbørsmengda er kring 800 mm.

Kjelder

Kategori:San Marino Kategori:Land i Europa Kategori:Enklavar Kategori:Mikrostatar Kategori:Kystlause land