Møre Folkehøgskule er ein frilynd folkehøgskule i Ørsta i Møre og Romsdal. Skulen tar kvart år imot vel 85 elevar. Sidan 1992 har den vore eigd av Stiftinga Møre Folkehøgskule, der styremedlemane blir valde av den tidlegare eigaren Sunnmøre frilynde ungdomssamlag, og av Ørsta kommune.
Soge
Folkehøgskulen vart skipa i 1899 av Andreas Austlid etter samtalar med læraren Per Riste i Volda, som saman med Anders Vassbotn og brorsonen til Ivar Aasen, Jon Aasen, lenge hadde snakka om ein slik skule.Skule med internasjonal profil ved more.fhs.no Han opna 9. oktober 1899 året med støtte frå det offentlege. Etter at Austlid fekk bygd hus til han i 1902, fekk han namnet Ljosheim. Skipinga var inspirert av Christopher Bruun og hans skule Vonheim.
Fag Linefag ved denne skulen er: Animasjon Japan Kina - Midtens rike Adventura Ekstremsport Adventura Body & Mind Adventura Sør-Amerika
Bakgrunnsstoff Møre Folkehøgskule
Kjelder
Kategori:Folkehøgskular i Møre og Romsdal Kategori:Ørsta kommune Kategori:Skipingar i 1899