Milleshaug er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg vest for Dyngelandsvatnet.
Namn Den første delen av namnet kjem truleg av meldr, som er eit ord for korn som skal malast.
Historie Garden låg opphavleg under Dyngeland og var ein øydegard på 1500-talet. Det var gardsdrift her frå 1604. Jordvegen vart på 1900-talet lagt ut til bustader.
Geografi mini|Landskap frå Milleshaug|venstre Garden ligg vest for Dyngelandsvatnet og på nordsida av Myrdalsvatnet, litt aust for Nesttun.
Garden grensar til Øvre Dyngeland både i nord og sør, samt ein liten del av Nedre Dyngeland i nord. I aust ligg Myrdal, og i vest ligg Ulsmåg og Midtun.
Kjelder
Bergenskart
Kategori:Gardar i Fana