Øystein Adilsson var ein konge av Ynglingeætta, skildra hjå Snorre Sturlason og i Den eldste Noregshistoria. Øystein skal ha levd på den tida Rolv Krake fall. Han var son av kong Adils, som er nemnd i fleire kjelder.

Snorre fortel korleis Øystein rådde i ei tid med mykje ufred. Mellom anna hadde Øystein vanskar med ein kong Solve frå Nærøy, som hadde jord på Jylland og i Sverige. Solve kringsette halla til Øystein og brende han inne.

Tjodolv frå Kvine segjer:

Øystein veit eg enden fann på live i Lovund, so lagnaden vilde. Og juten, kvad dei, inne brende Stor-kongen med svia-menn.

Den som skogen øyder av på hovdingen fauk i heimen hans eigin då den trauste timber-stogo av kjempur full yvi kongen brann.

Yngvar Øysteinsson hemna far sin, seier Snorre.

Den eldste Noregshistoria

Etter denne framstillinga var det gautane som brende Øystein inne. "Juten" i kvadet over er mistydd av Snorre. Dette fell inn i ei problemstilling som og er nemnd i Béowulf, der det er strid mellom svear og gautar.

Kategori:Ynglingeætta Kategori:Svenske sogekongar