Cethlenn (også Caitlín, Céthlionn, Cathlionn, Kethlenda, Kehlen) er i irsk mytologi tidvis nemnd som kona til Balor. Ho hadde tilnamnet 'kroktann'. Dei hadde dottera Ethlinn saman. Dei høyrde til ei gruppe kjempestore mytiske skapningar som vart kalla fomoire (Fomorians).

I slaget ved Magh Tuireadh såra ho Dagda med eit spyd.

Byen Enniskillen er oppkalla etter henne; det irske namnet Inis Ceithleann tyder Cethlenns øy. Lokale segn seier at Cethlenn blei skadd av ei pil i kamp og prøvde å symja over elva Erne. Ho kom ikkje over, så øya i midten fekk namn etter henne.

Kjelder

Kategori:Irsk mytologi Kategori:Fomoire