mini|Danske bronselurar i par, frå Brudevælte på Nord-Sjælland Myrfunn er det arkeologiske omgrepet for funn av ting som i gamal tid har vore lagt ned av kultiske eller andre årsaker i våtmark, myrer, vasshol, eller i tjern og vatn som har grodd att som myrer. Dei fleste myrfunna i Norden er gjort i dei store danske myrene, og difor vert nemninga mosefunn etter det danske ordet for myr, «mose», ofte nytta som fagterm i Noreg; til dømes er «mosefunn» oppslagsordet i Store norske leksikon. Ei eiga gruppe myrfunn er myrlika, menneskelik frå gamal tid som har vorte mumifisert av den naturlege konserverande verknaden myrene kan ha når tilhøva ligg til rette for det. Mest alle dei nordiske myrlika, «moselig» på dansk, er funne i danske myrer, lagt ned i myrene på eit vis som sytte for at dei vart liggjande under vatn.

Funnstader Myrfunna syner kor sentralt grunne vatn, vasshol i våtmark og myr har stått i mytologien og kulten i førhistorisk tid, heilt frå steinalderen. Ritual av privat og offentleg karakter har gått føre seg på slike stader. Enkle figurar av tre i myrer i Danmark og på kontinentetvan der Sanden & Capelle 2001, tyder på at visse rituelle åtgjerder var naudsynte i samband med bygging og bruk av kavlebruar og andre passasjar over myrar og våtmarkHoftun 2008, side 298. Restar av husdyr, tøy, sko, smykke, reiskap og leirkar fylte med mat er òg blant myrfunna. I bronsealderen har fleire av dei karakteristiske, høge lurane av bronse vorte lagt i myrene, slik det går fram av at dei fleste lurane er funne i myrer. Ofte er to lurar funne saman; dei er utforma slik at dei utgjer eit par som skulle nyttast av to blåsarar som gjekk ved sida av kvarandre. Truleg har slike lurar vore nytta i ein kultisk eller annan form for rituell seremoni som hadde høgdepunktet sitt på staden der lurane vart lagt ned som offer til ein eller fleire makter. Dei einaste komplette broselurane som er funne i Noreg, eit par bronselurar frå Revheim ved Hafrsfjord i Stavanger, vart òg funne i ei myr. Då det ligg eit helleristningsfelt, Fluberget, med ei mengd figurar berre eit par hundre meter frå funnstadenMandt & Lødøen 2005, side 230-241, kan det ha vore ein samanheng mellom den kultiske aktiviteten knytt til helleristningsfeltet og ofringa av dei to bronselurane ved å plassera dei på myroverflata.

Ved Dejbjerg på Vest-Jylland i Danmark vart to praktvogner lagt i myra i eldre jarnalder, i tida rett før vår tidsrekning tok til. Vognene har vorte stykka opp før dei vart lagt i eit hol i myra etter torvuttak og innhegna av kvister og flettverk. Råstoffet til jarnet i vognkassene er sentraleuropeisk bergmalm, til eit av felgbanda har råstoffet vore dansk myrmalm, og dette kan tyde på at vognene er laga i Sentral-Europa av keltiske handverkarar og reparert i DanmarkPraktvogna frå Dejbjerg er utstilt på Nationalmuseet i København.

Det vidgjetne myrfunnet Gundestrupkjelen (dansk Gundestrupkarret; Gundestrupkedlen) frå om lag år 1, vart likeeins stykka opp før det vart plassert i torvmyra Rævemose ved Gundestrup aust for Års i Vesthimmerland i Danmark. Karet er to meter i omkrins, og sett saman av inner- og ytterplater av sølv med biletrelieff av innpunsla og uthamra figurar som truleg har med keltisk mytologi å gjere. Platene hadde vore lodda saman med sølvblanda tinn før karet vart sundbrote og plassert i myraGundestrupkjelen (Gundestrupkedlen) er utstilt på Nationalmuseet i København.

Det er typisk for jarnalderens myrfunn at tinga vart øydelagt før dei vart lagt i myra. Dette gjeld òg i og for seg fleire av dei menneska som enda livet sitt som myrlik; mange har vorte handsama på brutalt vis under eller etter avrettinga, før dei vart lagt i myra.

mini| Gundestrupkjelen.

Skedemosse er ei myr på den svenske Østersjøøya Öland som i gamal tid har vore ei grunn sjø. I denne myra vart det under utgravingar i byrjinga av 1960-talet funne ei mengd oldsaker frå eldre jarnalder. Mengder av bein synte at særleg hestar, men òg naut, sau og svin har vorte kasta i vatnet i åra frå om lag 100 til 500 e.Kr. Leivningar etter fleire menneske vart òg funne. Men mykje, til dømes klede og anna av organisk materiale, kan ha gått til grunne av di myra vart drenert i ny tid, og den konserverande verknaden myra har på slikt materiale difor vart svekka. Store mengder sverd og spyd, som har vorte gjort ubrukelege før dei vart kasta i vatnet, og gullarmringar og gullfingerringar med merke etter hogg, eit av Sveriges største samla funn av smykkegull, høyrer til dette funnet. Myra ligg i eit område på Öland der det har vore store busettingar i jarnalderenHagberg 1967, Beskow-Sjöberg 1977.

Kvalsundfunnet, funnet av to båtar i ei myr på garden Kvalsund på Nerlandsøya i Herøy kommune, Møre og Romsdal, er eit myrfunn på line med dei danske når det gjeld den rituelle framgangsmåten som har vorte nytta i jarnalderen. Båtane var sundbrotne, og årer og trestakar var sett ned i grunnen ikring dei, slik til dømes Dejbjergvognene var øydelagde og innhegna av kvister og flettverk. Den eine båten har vore 9,5 meter lang, 1,5 meter brei, med to par årer; den andre båten 18 meter lang og 3,2 meter brei, med ti par årer. Båtane, som reknast til 600-talet etter Kr.f., var bygde av eik og furu. Dei vart utgravne av arkeologen Haakon Shetelig i 1920Shetelig & Johannessen 1929.

Krigsbytteofferfunn

Hjortspringfunnet er eit av dei mange danske myrfunna med våpen frå eldre jarnalder, om lag år 350 før Kr.f. Funnstaden Hjortspring Mose ligg ved Hjortspringkobbel på øya Als i Danmark, og vart utgrave i 1921-22. Då kom det for dagen fragment av ein båt, mange våpen, for det meste spydspissar av jarn og bein, stutte einegga jarnsverd, firkanta skjold av tre, restar av ringbrynjer, verktøy og nokre små kar av dreia tre med lokk. Desse små kara av tre kan ha vore nytta til å ha farge i til måling av kroppen, kan hende ei slags «krigsmåling» som i samband med eit eller anna ritual gjorde mannskapet til sterke krigarar. Måling eller tatovering av kroppen kan ha vore vanleg blant dei skandinaviske folka i heile eller størsteparten av jarnalderen. Araberen ibn Fadlan seier i ei skildring av ei gruppe skandinaviske handelsfolk han møtte i året 922 etter Kr.f. under ei reise i områda ved Volga på vegner av kalifen av Bagdad at «fra negleranden til halsen på hver av dem er det en samling trær, figurer og annet slikt»Ibn Fadlan, Risala, i Birkeland, Harris, Nordens historie i middelalderen etter arabiske kilder. Oversettelse til norsk av de arabiske kilder med innledning, forfatterbiografier, bibliografi og merknader. Skrifter utgitt av Det Norske Vitenskaps-Akademi i Oslo II. Hist.-Filos. Klasse 2. Oslo 1954..

Mykje har vorte sundbrote og øydelagt før offeret vart lagt eller kasta ned i eit lite myrhol. Dette galdt båten òg. Rekonstruksjonar synte at båten har vore nesten tjue meter lang og to meter brei, bygd av eit breitt botnbord og to breie sidebord av lindetre, samansydde med bast. Han har vore lengja utover stamnane av bord som var bøygde oppover på same vis som på helleristningenes båtfigurar. Slike helleristningsfigurar er rekna til bronsealderen. Difor er denne jarnalderbåten såvel eit prov på at tradisjonar frå bronsealderen har gjort seg gjeldande framover i jarnalderen, som at nokre av helleristningene med «bronsealder-båtfigurar» kan vere frå den tidlege jarnalderen. Båten kunne bere inntil 24 mann med krigsutstyr, og har vorte padla fram med padleårar; restar av padleårer (av tresorten naverlønn) og av to breie styreårer vart funne saman med båtenVåpenfunnet med Hjortspringbåten er utstilt på Nationalmuseet i København.

På grunn av dei mange våpna, er dette funnet rekna til den kategorien myrfunn som har fått nemninga «krigsbytteofferfunn». Myrfunn med mange våpen er truleg det kultiske eller rituelle resultatet av ein væpna samanstøyt: den sigrande parten i eit slag har ofra den nedkjempa parten sitt krigsutstyr, inklusive eventuelle båtar eller hestar, «krigsbyttet», i myr og grunne vatn for å takke guddomar og andre av mytologiens makter for sigeren. Då det ikkje er funne leivningar etter menneske blant gjenstandane, er dei tapande krigarane anten ikkje vorte ofra i vatnet eller myra, eller ikkje på den same plassen som utstyret deira. I Danmark er det gjort mange funn av krigsbytteoffer, i Noreg ingen, i Sverige berre eitt: våpenfunna i Skedemosse på Öland.

Nydamfunnet er eit myrfunn av båtar og krigarutstyr frå tida 250–550 etter Kr.f. frå Nydam Mose i Øster Sotterup på Sundeved ved Sønderborg i SønderjyllandFunnet er utstilt på det arkeologiske museet på Schloß Gottorf ved byen Schleswig i Nord-Tyskland. I jarnalderen har myra vore eit grunt vatn, og funnet representerer fleire krigsbytteofringar i dette vatnet. Dei fyrste utgravingane i myra vart gjort av arkeologen Conrad Engelhardt i åra 1859-63, avbrote av krigen i 1864 mellom Danmark og Prøysen. Engelhardt fann mellom anna tre fartøy, to heile og eitt som var sundhogge, men under krigen gjekk den eine heile båten, bygd i furu, og mykje anna tapt. Den andre heile båten er av eiketre, og går under nemninga NydambåtenNydambåten kan sjåast på det arkeologiske museet på Gottorf (Gottop) slott i nærleiken av byen Schleswig i Tyskland. Nydambåten, som er dendrokronologisk datert til 310–320 etter Kr.f., vart rodd av om lag tretti menn. Denne båten er det eldste kjente fartøy i Europa som har vore rodd, ikkje padla, slik som den mykje eldre båten i Hjortspringfunnet. Båten er klinkbygd med fem bordgangar på kvar side og eit breitt kjølbord; jarnnaglar er nytta. Spanta er festa til bordgangane og kjølbordet med treklampar som ligg mellom bord og spant. Av den båten som var heilt sundhoggen, er det berre teke fram or myra fragment som til saman utgjer om lag ein femtepart. Nationalmuseet, som tok opp att utgravingane i myra i 1989, gjorde i 1990-åra store funn av sverd, spyd, bogar, pilar, beltespenner og draktsmykke.

Illerupfunnet er eit særs stort funn av våpen og krigarutstyr som vart gjort under arkeologiske utgravingar i åra 1950–56 og 1975–85 i ei stor myr i Illerup Ådal i nærleiken av Skanderborg på Jylland i DanmarkFunnet er publisert i fleirbandsverket Illerup Ådal i serien Jysk Arkæologisk Selskabs Skrifter, Jysk Arkæologisk Selskab/Aarhus University Press, Århus 1990 - : 1: Die Lanzen und Speere. Textband; 2: Die Lanzen und Speere. Tafelband; 3: Die Gürtel. Bestandteile und Zubehör. Textband; 4: Die Gürtel. Bestandteile und Zubehör. Tafelband; 5: Die Prachtausrüstungen. Textband; 6: Die Prachtausrüstungen. Katalog, Fundlisten und Literatur; 7: Die Prachtausrüstungen. Tafelband; 8: Die Prachtausrüstungen. Grabungsdokumentation und Fundliste; 9: Die Schilde : Textband; 10: Die Schilde : Katalog, Tafeln und Fundlisten; 11: Die Schwerter : Textband / Marcin Biborski, Jørgen Ilkjær; 12: Die Schwerter : Katalog, Tafeln und Fundlisten / Marcin Biborski, Jørgen Ilkjær.. Denne myra har til liks med mange andre danske myrer vore ei grunn innsjø i jarnalderen. Ettersom funna er konsentrerte på tre-fire stader langs den gamle stranda, meiner utgravarane at dei fleire tusen oldsakene representerer tre ulike krigsbytteofringar, men slik at mesteparten vart ofra under den eine av desse, som gjekk føre seg i tidsbolken 200–250 etter Kr.f. Etter samanlikningar av hårkammar av bein i dette funnet med hårkammar av bein funne i jarnaldergraver i Noreg og Sverige er det lansert ein teori om at det var ein hær frå Sør-Noreg eller Vest-Sverige som møtte lagnaden sin her, og fekk alt utstyret og hestar ofra som krigsbytte i den grunne innsjøen. Dei fleste gjenstandane har vorte gjort ubrukelege før dei vart kasta i vatnetFunn frå Illerup Ådal er å sjå i Moesgård Museum i Højbjerg i nærleiken av Århus.

Andre vidgjetne danske myrfunn som er verd å nemne: