mini|Transport av flytande drivstoff på fat. Drivstoff er eit omgrep som vanlegvis vert nytta om eit stoff, i fast, flytande eller gassform, som frigjer energi når det brenn (reagerer med oksygen) og som kan nyttast til å driva forbrenningsmotorar. Stordelen av drivstoffet som vert nytta i det industrielle samfunnet er fossilt drivstoff, som i større eller mindre grad vert raffinert før det vert marknadsført.

Kjemisk drivstoff Kjemiske drivstoff er stoff som frigjer energi gjennom ein kjemisk reaksjon, vanlegvis ved at det reagerer med oksygenet i lufta når det brenn.

Fossilt drivstoff mini|Statfjord A plattforma i Nordsjøen. Fossilt drivstoff utgjer hovudtyngda av drivstoffet som vert nytta for sjøfart, motorkøyretøy, landbruksmaskinar, anleggsmaskinar og luftfart. Fossilt drivstoff vert òg i stor grad nytta til å generera elektrisk energi. Tidlegare var fossilt faststoff, i form av kol eit viktig drivstoff for skipsfart og jarnvegar, medan ein i dag stort sett nyttar flytande fossilt drivstoff utvunne frå råolje, som vert pumpa opp frå underjordiske brønnar. Råolje vert i større eller mindre grad raffinert før ho vart marknadsført, men skipsfarten nyttar framleis billig tungolje. For motorkøyretøy er bensin og diesel dei vanlegaste produkta. Ulike former for naturgass, som LPG, vert i nokon grad nytta når det er viktig at ein forureinar lufta så lite som mogleg. Gaffeltruckar som vert nytta innandørs nyttar ofte propan som drivstoff.

Biodrivstoff mini|Biodiesel frå soyabonner. Biodrivstoff er drivstoff i fast, flytande eller gassform utvunne frå biomasse. Det eldste biodrivstoffet er trevirke. Vitskaplege funn i Afrika tyder på at trevirke har vore nytta som brensle i opp til 1,5 millionar år.Rincon, P., Bones hint at first use of fire, BBC News, 22.03.2004. Trevirke er framleis viktig som brensle over store delar av verda. Som drivstoff for køyretøy har trevirke spela ein marginal rolle, men under andre verdskrig vart vedgass frå knott nytta som drivstoff både for bilar og traktorar. Tidlegare vart olje frå kval nytta som lampeolje . Tran og tjære har òg i nokon grad vore nytta.

Fleire land, som Brasil og USA, har teke til å nytta bioetanol framstilt frå planter som drivstoff. Men av di det legg beslag på store areal fruktbar mark og/eller øydelegg skog har det ført til kritikk frå miljøorganisasjonar.

Biodiesel blir framstilt frå vegetabilsk olje, men dette òg legg beslag på store areal med dyrka mark.

Biogass frå husdyrgjødsel, søppel og avfall frå trevirke er i dag berre i liten grad nytta som drivstoff, men har potensiale til å spele ei større rolle i framtida. Sverige har vore eit føregangsland på dette området.

I tillegg til dei ovanfor nemnde er det òg forsking på bruk av biometanol og biobutanol som drivstoff.

Hydrogen Hydrogen kan nyttast som drivstoff i forbrenningsmotorar eller brenselceller. Det har vore forska på hydrogen som drivstoff i mange tiår utan at det har klart å komme til større bruk som drivstoff. Sidan hydrogen er ein lett gass med eit veldig lågt kokepunkt er det store utfordringar i bruken av det. Det er òg knytt store tryggleiksproblem knytt til bruken av det. Jmr eksplosjonane ved Fukushimakraftverket.

Kjernefysisk drivstoff Kjernefysisk drivstoff omfattar brensel til bruk i fisjon- og fusjonsreaktorar.

Fisjondrivstoff mini|Brenslestavar i ein CANDU-reaktor. Det vanlegaste fisjonsbrenslet er opprika uranoksid (3-5 % 235U i 238U) som vert nytta i kjernekraftverk, ubåtar, isbrytarar, osv. I tungtvassreaktorar (CANDU) kan ein nytte naturleg uran som inneheld 0,7 % 235U.

I somme reaktorar kan ein nytte såkalla MOX-brensel som består av oksidar av 235U og 239Pu (plutonium) i 238U.

Torium kan òg bli nytta, men er ikkje i bruk i dag. Torium kan bli nytta ein gong i framtida.

Fusjondrivstoff Ved hjelp av fusjon kan ein truleg ein gong i framtida produsere varme og derved elektrisitet. Som drivstoff i fusjonsreaktorar kan ein nytte hydrogen, døyterium eller tritium. I praksis vil ein nytte litium i reaktoren for å produsere tritium.

Ein nyttar energi frå kjernefusjon indirekte, etter som solenergi stammar frå fusjon.

Kjelder

Sjå òg Raffineri Bensinstasjon Ved Mat

Kategori:Drivstoff Kategori:Energiutvikling