Tjugum sokn var tidlegare eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti i Den norske kyrkja. Soknet vart slege i hop med Kvamsøy sokn til det nye Balestrand sokn i 2000.

Tjugum sokn femnde området som soknar til Tjugum kyrkje, og omfatta mellom anna kommunesenteret Balestrand (St. Olafs kyrkje i Balestrand høyrer til Den engelske kyrkja). Tjugum har soge som kyrkjestad til attende i mellomalderen. Den eldste kyrkja ein kjenner til på staden meiner ein vart bygd kring 1300.«Tjugum kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon mini|venstre|Tjugum kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1863. Fram til Balestrand kommune vart oppretta i 1850 høyrde Tjugum sokn til Leikanger prestegjeld.«Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen

Kategori:Balestrand kommune Kategori:Tidlegare sokn i Bjørgvin bispedømme