mini|Utsyn over Bamako frå ein ås rett utanfor byen. mini|Gatebilete frå Bamako. mini|Minibussar i Bamako. mini|Pont des Martyrs 'Martyrbrua', som bind i hop bydelane på kvar side av elva Niger.

Bamako er hovudstaden i det afrikanske landet Mali. Byen ligg ved elva Niger (Joliba 'blodelva' (joli 'blod', ba 'elv') på bambara) i den sørvestlege delen av landet. Bamako er administrativt sentrum i landet, og er ein viktig hamneby og eit regionalt handelssentrum. Hovudnæringane er tekstil, matvarer og metall.

Folkesetnad Bamako er på sjetteplassen mellom dei raskast veksande byane i verda.The world’s fastest growing cities and urban areas from 2006 to 2020 I 1884 hadde byen 2 500 innbyggjarar, i 1908 8000 innbyggjarar,S. Konaté, Bamako, enracinée dans l’histoire, ouverte au Monde, L’Essor, 1. desember 2005. i 1945 37 000 innbyggjarar, i 1960, året då Mali blei uavhengig, hadde talet stige til 100 000, og i 2009 var det kome opp i 2 209 225. Byen er dessutan den sjuande største i Vest-Afrika, etter Lagos, Abidjan, Kano, Ibadan, Dakar og Accra.

Namnet på byen Namnet Bamako kjem frå bambara og tyder 'krokodillerygg' (bama 'krokodille'; kɔ 'rygg').Brauner, Siegmund 1974. Lehrbuch des Bambara. Leipzig: VEB Verlag Enzyklopädie.

Bydelar Bamako har desse bydelane; namna er skrivne på bambara (bamanankan) og nokre i tillegg på fransk (etter skråstreken når båe språka er med):

Klima Bamako ligg lengst sør i Sahel og har eit tropisk klima med ein gjennomsnittleg nedbør på 878 mm i året, og med ei klårt åtskild tørketid og regntid.

Venskapsbyar Angers, Frankrike (sidan 1974) Bobo Dioulasso, Burkina Faso Dakar, Senegal Leipzig, Tyskland Rochester, New York, USA (sidan 1975) São Paulo, Brasil Sinyar, Indonesia Slocomb, Alabama, USA (sidan 1912)

Kjende personar som er fødde i Bamako 1954, 24. oktober, Amadou Bagayoko, songar og gitarist i Amadou & Mariam 1955, 23. juni, Jean Tigana, fransk fotballspelar og -trenar 1958, 15. april, Mariam Doumbia, songar Amadou & Mariam 1968, 25. februar, Oumou Sangaré, songar, feminist og menneskerettsaktivist 1979, 15. juli, Boubacar Diarra, malisk fotballspelar 1978, 15. april, Soumaila Coulibaly, malisk fotballspelar i FSV Frankfurt

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Mali Kategori:Hovudstader i Afrika