Roland er eit mannsnamn med tysk opphav, samansett av «Ro-» som tyder 'ære, ry' og eit etterland som tyder 'djerv'.
Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 vart 58 personar manntalsførte med namnet Roland, 40 av dei budde i Nord-Trøndelag.
I teljinga frå 1900 var det 82 personar som het Rolan(d), også då over halvparten i Nord-Trøndelag.
I 2009 er det 202 menn som har Roland til første fornamn, 8 heiter Rolan.
Kjende namneberarar Roland, figur i Rolandskvadet og i folkevisa Roland og Magnus kongjen. Roland Delattre (1532-1594), flamsk renessansekomponist Roland Garros (1899-1918), fransk pilot frå første verdskrigen Roland Barthes (1915-1980), fransk filosof og litteraturkritikar Roland Utbult (f. 1951), svensk musikar og riksdagsmann Roland Emmerich (f. 1955), tysk filmregissør Roland Ratzenberger (1960-1994), austerriksk Formel-1-førar
Sjå òg
Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
Kategori:mannsnamn Kategori: førenamn av tysk opphav