mini|Typisk savanne-landskap nær Ngaoundal. mini|Kartet viser kvar regionen Adamaoua ligg i Kamerun.

Adamaoua er ein av dei ti regionane i Kamerun, den tredje rekna frå nord. Hovudstaden er Ngaoundéré. Regionen har ei flatevidd på 63 691 km², og i 1987 budde det 495 185 menneske i det området som tilsvarar den noverande regionen. Det inneber ein folketettleik på om lag 8 menneske per km². Regionen oppstod i 1983, då den tidlegare regionen (då kalla provins) blei delt i tre: Extrême-Nord, noverande Nord og Adamaoua.

Namnet Adamaoua Regionen har det franske namnet Adamaoua og det engelske namnet Adamawa, og begge delar kjem frå fulfulde Aadamaawa. Regionen har namnet sitt etter Moodibbo Aadama (ca. 1786–ca. 1847), ein lærd fulani og heilag krigar som på 1830-talet hærtok dei områda som tilsvarar delstaten Adamawa i Nigeria og regionane Extrême-Nord, Nord og Adamaoua. Han kalla området opp etter seg og la det under Sokoto-kalifatet.

Geografi Det meste av regionen Adamaoua ligg på Adamaoua-platået, eit fjellplatå på mellom 1000 m og 2000 m, med ei gjennomsnittshøgd på 1100 m, som strekkjer seg frå Nigeria, gjennom Kamerun og inn i Den sentralafrikanske republikken. Mot grensa til Nigeria ligg Gotel-fjella, der den høgaste toppen er Tchabal Mbabo, på 3 400 m. Dei nordlegaste delane av Adamaoa ligg på berre 500 m og er skilde frå resten av regionen av ei bratt brekke, på fransk kjend som La Falaise.

Adminstrativ inndeling Regionen Adamaoua er delt inn i fem departement, som har namn etter dei største elvane i Adamaoua:

Departement DepartementshovudstadDjeremTibatiFaro-DéoTignèreMayo-BanyoBanyoMbéréMeigangaVinaNgaoundéré

Departementa er vidare delte inn i distrikt. Etno-lingvistiske grupper left|mini|Kartet viser hovudområda til dei viktigaste etniske gruppene i Adamaoua. Ikkje alle namna på kartet er dei som gruppene nyttar om seg sjølve. «Kutin» er eit nedsetjande namn på peere-folket. «Suga» er eit lite nytta namn på nizaa-folket. Fulaniane (kalla «Fulbe» på kartet) bur over det meste av regionen. På eit språkleg grunnlag kan ein dele folkesetnaden i Adamaoua i desse etno-lingvistiske gruppene:

Folk som talar bantoide språk Ndoro-folk Nizaa-folk (også kjende som «nyemnyem» og «suga») Vute-folk Mambila-folk Konja-folk Tikar-folk

Folk som snakkar adamawa-språk Peere-folk (også kjende som kutin) Kali-folk Mbum-folk Dii-folk

Folk som snakkar ubangi-språk Gbaya-folk

Folk som snakkar atlantiske språk Fulaniar, som utgjer 60 % av folkesetnaden i regionen og er ei av dei største etniske gruppene i både Adamaoua og heile Kamerun.

Fulani-folket kan delast i to undergrupper, dei bufaste og nomadane. Dei sistnemnde er òg kjende under det til dels nedsetjande namnet mbororo.

Det Norske Misjonsselskap Det Norske Misjonsselskap (NMS) har drive misjon i Adamaoua sidan 1925, med hovudsete i regionhovudstaden Ngaoundéré. Dei viktigaste misjonsstasjonane til NMS ligg på desse stadene: Ngaoundéré Meiganga Tibati Ngaoubela Tignère Galim-Tignère Gadjiwan Mbé

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionar i Kamerun Kategori:Skipingar i 1983