«In My Time of Dying» er ein tradisjonell gospelsong som fleire gonger er spelt av rockeartistar sidan tidleg i 1960-åra. Den første kjende innspelinga av songen var med tittelen «Jesus Make Up My Dying Bed» innspelt av blues-gospel-gitaristen Blind Willie Johnson i perioden 1927-1930. «Jesus Goin' A-Make Up My Dyin' Bed» er nemnd i historikaren Robert Emmet Kennedy sin Black Cameos, som kom ut i 1924. Han skriv at songen vart spelt av gatemusikantar i Louisiana, og songen vert òg nemnd i Index to Negro Spirituals av Cleveland Library. I dag er ikkje utgåva til Johnson registrert nokon stad og han er offentleg eigedom. Charlie Patton si utgåve vart kalla «Jesus is a Dying-Bed-Maker»The Fahey Files song notes for Requia av John Fahey. «In My Time of Dying» er òg spelt av mellom andre Shocking Blue, Martin L. Gore, John Cougar Mellencamp, The Be Good Tanyas, Jeff Lang, Bob Dylan og Led Zeppelin.
Bob Dylan-utgåva Songen vart meir kjend i popverda då Bob Dylan spelte ei utgåve av songen på debutalbumet Bob Dylan i 1962. Her heitte songen «In My Time of Dyin'».
Dylan si utgåve er truleg basert på Joshua White si innspeling frå 1933.
Led Zeppelin-utgåva «In My Time of Dying» er den lengste studioinnspelinga til Led Zeppelin og avsluttar side ein på dobbelplata Physical Graffiti frå 1975 med ei lengd på 11:05. Det er ingen lange instrumentalparti, trass i den lange lengda.
Jimmy Page spelte ein sjeldan gong slidegitar. John Paul Jones spelte bandlaus bass, medan den kraftige trommelyden til John Bonham vart spelt inn på same måte som på «When the Levee Breaks» frå fjerdealbumet deira.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In My Time of Dying» frå , den 17. oktober 2009. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed og Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Songar frå 1927 Kategori:Blind Willie Johnson-songar Kategori:Bluessongar Kategori:Gospelsongar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Songar om død Kategori:Columbia Records-singlar