«The Times They Are a-Changin» er ein song skriven av Bob Dylan og gjeve ut på albumet hans med same namn i 1964.

Songen vart rangert på 59. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Inspirasjon og komposisjon

Dylan skreiv truleg songen i september og oktober 1963. Han spelte han som ein Witmark-demo denne månaden, ei utgåve som seinare vart gjeven ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991. Songen vart så spelt inn i Columbia studios in New York den 23. og 24. oktober , og innspelinga frå den siste dagen vart namesporet på det tredje albumet til Dylan.Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 662.

Dylan har nemnt at han gjorde eit medvite forsøk på å skrive ein hymne for endring. I 1985 fortalte han Cameron Crowe: «Dette var definitivt ein song med ei meining. Han var påverka av irske og skotske balladar ...'Come All Ye Bold Highway Men', 'Come All Ye Tender Hearted Maidens'. Eg ønskte å skrive ein stor song, med korte konsise vers som vart lagt oppå kvarandre på ein hypnotisk måte. Borgarrettsrørsla og visesongrørsla var ganske nær kvarandre ei stund og allierte seg på denne tida.»Biograph, 1985, Tekst i heftet av Cameron Crowe.

Dylan-biografen Clinton Heylin fortel korleis Tony Glover vitja Dylan i heimen hans i september 1963 og las ei linje av songen Dylan arbeidde med: «'Come senators, congressmen, please heed the call.' Glover snudde seg mot Dylan og sa, 'Kva er denne skiten, mann?' Dylan heva skuldrene og svarte, 'Vel, du veit, det ser ut til at det er det folk ønskjer å høyre.'»Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 126.

Dylan-kritikar Michael Gray kalla songen «ein erketypisk protestsong». Gray meiner at songen er utdatert av endringane songen sjølv føresåg og at songen derfor vart politisk utdatert så snart han var skriven.

Mindre enn ein månad etter Dylan spelte inn songen vart president John F. Kennedy myrda i Dallas i Texas, den 22. november 1963. Kvelden etter opna Dylan ein konsert med «The Times They Are a-Changin'». Han fortalte biografen Anthony Scaduto: «Eg tenkte, 'Wow, korleis kan eg opne med den songen? Dei kjem til å kaste stein på meg.' Men eg måtte synge han, heile konserten min tok av frå der. Eg veit at eg ikkje forstod noko ting. Noko hadde berre gått gale i landet og dei gav applaus til songen. Og eg kunne ikkje forstå kvifor dei klappa, eller kvifor eg skreiv den songen. Eg forstod ingenting. For meg var det berre galskap.»Scaduto, 1971, Bob Dylan, s. 160.

Andre utgåver Songen har vorte spelt av mange andre artistar, mest kjend er mellom andre Joan Baez, The Seekers, The Byrds, Marc Bolan, Peter Paul & Mary, Phil Collins, Simon and Garfunkel, Bruce Springsteen og Nina Simone, Blackmore's Night og Les Fradkin.

The Byrds spelte songen i 1965 på albumet deira Turn! Turn! Turn!.

The Beach Boys spelte songen i 1965 på albumet Beach Boys' Party!.

Odetta spelte songen i 1965 på albumet Odetta Sings Dylan, RCA LSP3324.

Keb' Mo' spelte songen i 2004 på albumet Peace...Back by Popular Demand.

Bruce Springsteen spelte songen på ein konsert til ære for The Kennedy Center.Bob Dylan Honored at Kennedy Center, MTV.com

Burl Ives spelte songen i 1968 på albumet The Times They Are A-Changin''', kalla opp etter Dylan-songen.

Billy Joel spelte songen på fleire konsertar og finst på konsertopptak.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Times They Are a-Changin' (song)» frå , den 18. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:''

Bakgrunnsstoff Teksten

Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:USA-amerikanske folkeviser Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Protestsongar 059 Kategori:Tracy Chapman-songar Kategori:The Byrds-songar Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Burl Ives-songar Kategori:Nina Simone-songar Kategori:The Hollies-songar Kategori:Peter, Paul and Mary-songar Kategori:Simon & Garfunkel-songar Kategori:The Seekers-songar Kategori:Odetta-songar Kategori:Cher-songar Kategori:Flatt & Scruggs-songar Kategori:Merry Clayton-songar Kategori:Hugo Montenegro-songar Kategori:Spirit-songar Kategori:James Taylor-songar Kategori:Carly Simon-songar Kategori:Graham Nash-songar Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Richie Havens-songar Kategori:Phil Collins-songar Kategori:Manfred Mann's Earth Band-songar Kategori:Keb' Mo'-songar Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Herbie Hancock-songar Kategori:Joan Baez-songar