«To Ramona» er ein song skriven av Bob Dylan for det fjerde soloalbumet hans, Another Side of Bob Dylan frå 1964. Melodien er teken frå tradisjonell mexicansk folkemusikk. «To Ramona» er òg eit nikk til Rex Griffin-songen «The Last Letter» frå 1937. Songen er ein av mange på albumet som handlar meir om det personlege og mindre om det politiske, ei side ved Dylan som skulle kome meir til syne seinare. Songen har òg mange hentydingar til visesongaren Joan Baez. Songen vart innspelt på eitt forsøk i Columbia Recording Studios den 9. juni 1964.
Ei utgåve av songen vart spelt inn av The Flying Burrito Brothers på albumet deira med same namn i 1971.
Norsk versjon Jan Erik Vold skreiv ein norsk tekst til songen, kalla «Til Ramona». Denne vart framført av Jan Erik Vold, Kåre Virud og Telemark Blueslag i 1981.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «To Ramona» frå , den 19. oktober 2009.
Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:The Flying Burrito Brothers-songar Kategori:Lee Hazlewood-songar Kategori:Wilko-songar Kategori:Ralph McTell-songar Kategori:David Gray-songar