«Maggie's Farm» er ein song skriven av Bob Dylan og spelt inn 15. januar 1965 og gjeven ut på albumet Bringing It All Back Home den 22. mars same år. Som mange andre Dylan-songar i perioden 1965-1966 er songen ein elektrisk blues.

Teksten

Songteksten følgjer ein standard bluesstruktur der opningslinja i kvart vers vert sunge to gonger, og så igjen på slutten av verset. Den tredje til femte linja i kvart vers forklarer meir om det som vert sunge i den første linja.

«Maggie's Farm» kan sjåast på som ei erklæring om at Dylan no var heilt sjølvstendig frå protest- og visesongrørslaSpinner.com "20 Protest Songs that Matter: No. 8". Songen er i røynda ein protestsong mot protestfolk, og representerer overgangen til Dylan frå visesongar som søkte dei ekte tradisjonelle songformene og aktivisme til ein meir innovativ stil der sjølvgranskinga hans gjorde han til ein kulturell inspirasjonskjelde for ein heil generasjon.

Newport Folk Festival i 1965 «Maggie's Farm» er kjend som den sentrale songen i alt som hende då Dylan spelte eit elektrisk sett på Newport Folk Festival i 1965. «Maggie's Farm» var langt raskare og meir aggressiv enn på albumutgåva med ein tydeleg elektrisk gitar av Mike Bloomfield. Produksjonsleiaren på festivalen, Joe Boyd, hevda at «den første tonen på 'Maggie's Farm' var det høgaste nokon hadde høyrt nokon gong». Det er framleis ikkje sikkert kva som var den største kontroversen under konserten. Enkelte har hevda at det var at Dylan gjekk bort frå den akustiske stilen, men dei fleste historier går ut på at lyden var så dårleg. Ein kunne ikkje høyre vokalen til Dylan i det heile. I tillegg så spelte han berre 15 minutt, og var høgdepunktet på festivalen, medan dei andre artistane spelte 45-60 minutt. Organisten til Dylan, Al Kooper, hevda dette var årsaka til at folk bua.

Andre utgåver «Maggie's Farm» har vorte spelt av mange andre band, mellom andre The Residents, The Blues Band, Uncle Tupelo, U2, the Grateful Dead, The Specials, Richie Havens, Tin Machine, Rage Against the Machine og Stephen Malkmus

Populærkultur Beastie Boys-songen «Johnny Ryall» har tekstlinja «Washing windows on the Bowery at a quarter to four, 'Cause he ain't gonna' work on Maggie's farm no more.»http://www.beastiemania.com/songspotlight/show.php?band=b&s=johnnyryall Placebo-songen «Slave to the Wage» har tekstlinja «Sick and tired of Maggie's farm. She's a bitch, with broken arms, to wave your worries og cares, goodbye»". !!!-songen «Shit Scheisse Merde, Pt. 1» har tekstlinja «I try my very best, to be just like I am, but everybody wants me to be like Zimmerman», ein referanse til «Maggie's Farm». Peter Mulvey-songen «Rapture» har tekstlinja «Guess we're all gonna work on Maggie's farm for a little while longer now, Not tell anyone what we have inside to give.» «Looking for a Rainbow» av Chris Rea har tekstlinja «Yeh we're Maggie's little children; and we're looking for Maggie's farm.» I 1980-åra vart «Maggie's Farm» nytta som temasong for motstandarande til den britiske statsministeren Margaret Thatcher. Av songar der «Maggie's Farm» vert nytta mot Thatcher finn ein: Mark Knopfler-songen «Wye Aye Man» frå albumet The Ragpicker's Dream og tekstlinja «...nae more work on Maggie's Farm.» Billy Idol-songen «Fatal Charm» med ein referanse til pønkrøtene hans med Generation X.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maggie's Farm» frå , den 20. oktober 2009. oppgav desse kjeldene: Dylan: Visions, Portraits & Back Pages, red. Mark Blake (Dorling Kindersley Adult; 2005) ISBN 0-7566-1718-9

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Rage Against the Machine-songar Kategori:The Specials-songar Kategori:Tin Machine-songar Kategori:Grateful Dead-songar Kategori:Solomon Burke-songar Kategori:Richie Havens-songar Kategori:Flatt & Scruggs-songar Kategori:U2-songar