er ei samling av minispel for Nintendo DS, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var gjeve ut i Japan desember 2004, i Nord-Amerika februar 2005 og i Europa mars same året. Touched! er det fjerde spelet i WarioWare-serien.
Oppsett Spelet har same oppsett som i føregangarane, der spelaren må klare mikrospel som varer i berre nokre få sekund. Nytt i Touched! er at spelaren berre bruker peikeskjermen og mikrofonen for å styre i mikrospela. Døme på mikrospel er å klø Wario på ryggen, fange ei and ved å skjere over eit tau, og fange fisk med håv. Alle karakterane i spelet har sin eigne speleteknikk for variasjon mellom nivåa, som å berre trykkje på skjermen eller å gni skjermen med peikepennen. Ein kan vinne små «leikar» å sysle med ved å klare nok mikrospel på ein gong.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (på japansk)
Kategori:Dataspel frå 2004 Kategori:Spel av Nintendo R&D1 Kategori:Intelligent Systems-spel Kategori:Wario-spel Kategori:Nintendo DS-spel
de:WarioWare#WarioWare: Touched!