Søren er eit mannsnamn danna som ei dansk form av Severin. Det har namnedag den 23. oktober.

Severin stammar frå Severinus som igjen kjem frå Severus og tyder 'alvorleg, streng'. Det danske namnet blei opphavleg skrive Seffren, Søffren og liknande.

Bruk

Søren er mykje brukt i Danmark, og i 2009 var det det 6. mest utbreidde namnet.

Namnet er kjend i Noreg frå 1400-talet. Det var mykje brukt som døypenamn på 1700-talet og byrjinga av 1800-talet.

Namneberarar mini|Søren Jaabæk Søren Abildgaard (1718–1791), dansk-norsk kunstnar Søren Rasmussen (1768-1850), norsk professor og stortingsmann Søren Bøckmann (1771-1841), norsk stortingsmann Søren Georg Abel (1772-1820), norsk stortingsmann og prest Søren Tybring (1773-1822), norsk stortingsmann og prest Søren Knudtzon (1785-1857), norsk stortingsmann Søren Anton Wilhelm Sørenssen (1793-1853), norsk stortingsmann Søren Jørgensson Aandahl (1802-1886), norsk stortingsmann Søren Thorne (1804-1878), norsk stortingsmann Søren Kierkegaard (1813–1855), dansk filosof Søren Jaabæk (1814-1894), norsk politikar Søren Georg Abel (1836-1884), norsk stortingsmann Søren T. Årstad (1861-1928), norsk statsråd Søren Nordeide (1872-1941), norsk skulemann Søren Ve (1892-1974), norsk skulemann Søren Randal (1902-1973), ordførar i Gulen Søren Fredrik Voie (f. 1949), norsk politikar (H) Søren Østergaard (f. 1957), dansk skodespelar

Annan bruk Søren og Mette er tittelen på ein utbreidd dansk lærebokserie i dansk.

På norsk er «søren» også eit utropsord, danna som ei omskriving av Satan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Søren» frå , og «Søren» frå den 22. oktober 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Danske førenamn