Luigi's Mansion er eit action-eventyrspel utvikla av Nintendo for spelkonsollen Nintendo GameCube. Det vart gjeve ut samtidig som GameCube-konsollen vart lansert i alle territoria; i Japan 14. september 2001, i Nord-Amerika 18. november 2001, i Europa 3. mai 2002 og i Australia 17. mai 2002. Spelet handlar om Luigi som leiter etter Mario i ein heimsøkt herregard.
Oppsett Luigi's Mansion finn stad i ein stor herregard der det er fleire typar spøkjelse. For å kunne hamla opp med dei må Luigi bruka ein støvsugar (en: Poltergust 3000), som både kan suge inn spøkjelse og skattar. Når Luigi skal fanga spøkjelse må han først lamma dei med lommelykta si. Dette synar hjartet til spøkjelset, og gjev Luigi ein sjanse til å suga det inn i støvsugaren. Når hjartemålaren til spøkjelset når null vil det bli fanga. Litt ut i spelet finn Luigi tre medaljongar som lèt han spraye eld, vatn og is or støvsugaren. Desse elementa trengst for å fanga spøkjelse av visse slag.
Kjelder
Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 2001 Kategori:Nintendo GameCube-spel Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel