Móstoles er den tredje største byen i Regionen Madrid i Spania. Móstoles var lenge berre ein liten landsby, men voks kraftig på 1900-talet. På sett og vis er han ein studentforstad til Madrid, men har òg nokre «polígonos» (industribygg).

Byen ligg 18 km sørvest for sentrum av Madrid, i den sørlege delen av storbyområdet. Nærleiken til den spanske hovudstaden har ført til sterk demografisk utvikling dei siste tiåra. På 40 år har byen gått frå å vere ein landsby på kring 4000 innbyggjarar til kring 210 000 innbyggjarar i dag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Móstoles» frå , den 26. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Regionen Madrid