Paul Andreas Jetmundsen Aklestad () var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar som representerte Venstre på Stortinget frå 1889 til 1909.

Paul Aklestad var fødd på Aklestad i Hjørundfjord i noverande Ørsta kommune. Han gjekk i lære 6 veker ein vinter hos klokkar Lars Olaus Strømme på garden Haukås i Ørskog, for å bli lærar, og vert deretter tilsett som lærar i Hjørundfjord frå 1854.Grøvik, s. 148, 149, 152 Han arbeidde som omgangsskulelærar til 1863.Strømme og Standal, s. 206 I åra 1863 til 1871 dreiv han bnr 2 på Kvistad. I 1871 fekk han kjøpe farsgarden på Aklestad frå den eldre broren Ingebrigt.

Aklestad kom tidleg med i heradsstyringa i Hjørundfjord kommune. I åra 1866 til 1910 var han medlem i heradsstyret, og ordførar i åra 1870-1898.Grøvik, s. 382-384 Han hadde også elles stor tiltru hos sine sambygdingar, og vart nytta i alle slags tillistverv. Han var til dømes formann og kasserar i Hjørundfjord Sparebank frå skipinga i 1880 til 1889.Grøvik, s. 502-506

Paul Aklestad vart vald inn på Stortinget frå Romsdals Amt i 1889, og vart attvald 6 gongar deretter, og sat på Stortinget til 1909.

Paul Aklestad sat heile tida han var på Stortinget i den såkalla Gasje- og pensjonskomiteen, frå 1892 til 1904 som sekretær og seinare som formann. På Stortinget var han ein typisk sparepolitikar, kanskje den mest typiske etter Søren Jaabæk. Denne grunnhaldninga kom fram alt i jomfrutalen hans på Stortinget, der han skal ha sagt: «Det er et ord som heter sparsommelighed.»Grøvik, s. 382-383

I juni 1861 gifta han seg med Berte Johanne Olsdatter Skylstad (1840–1922), frå Skylstad i Hjørundfjord. Dei fekk 13 born. Av desse døydde 5 straks dei var fødde, 8 levde opp.Strømme og Standal, s. 207

Kjelder Ivar Grøvik: Hjørundfjordboka Kultursoga II, Ørsta kommune 1977 Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta kommune 1993 Folketeljing 1900

Fotnotar

Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Ordførarar i Hjørundfjord Kategori:Venstreordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Folk frå Hjørundfjord