Tove er eit skandinavisk kvinnenamn av norrønt opphav. Det har namnedag i Noreg den 2. november.

Tove stammar frå det norrøne Tófa, ei kortform av namn som begynte med Tor- og hadde sluttledd på f- eller v-, som Torfrid eller Torve. Tova og Tuva er variantar av namnet.

Bruk Historisk utviklig av populariteten til namnet Tove i Norge.

Namnet Tove er mest brukt i Danmark og Noreg, og er lite kjent utanfor Skandinavia.

Tove er kjend i Noreg frå 1300-talet og kom truleg frå Danmark. Tove var mellom dei mest populære namna på nyfødde jenter i Noreg i tida ca. 1940–1970.

Namneberarar mini|upright|Tove Jansson, kjend som skaparen av mummitrollet. Tove Mohr 1891–1981), norsk lege, kvinnesaksforkjemper og forfattar Tove Ólafsson (1909–1992), dansk bilethoggar Tove Jansson (1914–2001), finlandssvensk forfattar og kunstnar Tove Ditlevsen (1917–1976), dansk forfattar Tove Stang Dahl (1938–1993), norsk jurist Tove Skutnabb-Kangas (f. 1940), finsk lingvist Tove Strømme (f. 1940), norsk målar Tove Veierød (f. 1940), norsk politikar og minister Tove Lie (1942–2000), norsk diktar Tove Bull (f. 1945) norsk språkforskar Tove Strand (f. 1946), norsk politikar Tove Paule (f. 1951), norsk idrettsleiar Tove Nilsen (f. 1952), norsk forfattar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tove» frå , den 1. november 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Kortnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav