Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (NKSS), ofte berre kalla Laget, er ein kristen elev- og som driv arbeid på skular og studiestader i heile Noreg. Han blei skipa i 1924 av mellom anna Carl Fredrik Wisløff og Ole Hallesby i samband med den lange og pågåande kyrkjestriden. NKSS høyrte til den meir konservative og pietistiske fløya av Norges kristelige studentforbund, men braut ut fordi forbundet hella mot liberal teologi.
I Noreg er det om lag 230 registrerte skulelag på ungdomsskular, vidaregåande skular og høgskular, med omtrent 4 000 medlemmer. Lokallaga kan ha jamlege møter eller halda arrangement som «Godhetsuka» eller «Skepsisuka». Laget sin visjon er å gjere Jesus kjend på skular og studiestader, under parolen: «så Han blir trodd, elsket og etterfulgt».
NKSS er ein del av den internasjonale lagsrørsla International Fellowship of Evangelical Students (IFES).
Historie NKSS blei stifta i 1924, og det er mogleg å visa til to ulike årsaker. Med bakgrunn i kyrkjestriden braut ei gruppe studentar med Norges kristelige studentforbund. Samtidig ønskte studentlagsformannen Gunnvald Kvarstein ei åndelig fornying blant dei kristne medstudentane sine.
Organisasjonen utvida seg raskt. Allereie hausten 1924 blei Oslo Kristelige Gymnasiastlag stifta og tilslutta Studentlaget som sjølvstendig lag.Vidar Kristensen, Lagsfolk, Credo forlag, 1993, s. 19 Stadig nye lag slutta seg til. I 1932 hadde organisasjonen vorte så stor at det kravde fastare organisering, og ein såg seg i stand til å tilsette ein sekretær på deltid for to år. Carl Fr. Wisløff fekk stillinga.Vidar Kristensen, Lagsfolk, Credo forlag, 1993, s. 24 På same tid blei det danna eit landsråd for alle dei tilslutta laga, og landsrådet skulle bygge på evangelisk-luthersk grunn.Lagsbevegelsen gjennom 40 år, Credo forlag, 1964, s.47 Denne lutherske forankringa i toppleddet har ikkje vore til hinder for å ville samle kristne studentar og skuleungdom frå ulike kyrkjesamfunn.
Litteraturarbeid Laget har gitt ut Credo Studentmagasin frå 1933. Same året blei også Credo Forlag etablert.
Det er gitt ut to jubileumsbøker, ved 70-årsjubileet og 100-årsjubileet. Vidar Kristensen: Lagsfolk – Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag 1924–1994 Karl-Johan Kjøde: Laget – Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag 1924-2024
Generalsekretærar Carl Fr. Wisløff (1932–1933) Hans Høivik (1934–1943) Olav Egeland (1943–1947) Sverre Magelsen (1947–1954) Arthur With (1954–1961) Leif M. Michelsen (1961–1967) Einar Solli (1967–1975) Anfin Skaaheim (1975–1987) Jens-Petter Johnsen (1987–1998) Kåre Rune Hauge (1998–2010) Tor Erling Fagermoen (2011–2015) Karl-Johan Kjøde (2016–2025) Anne Lin Bringaker Hynnekleiv (2025–)
Kjelder
Bakgrunnsstoff Vidar Kristensen. Lagsfolk - Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag 1924 - 1994.
International Fellowship of Evangelical Students
Kategori:Kristne organisasjonar Kategori:Skipingar i 1924 Kategori:Norske religiøse organisasjonar Kategori:Norske studentorganisasjonar