Ole Mørk Sandvik () var ein norsk musikkforskar, folkemusikksamlar, lektor, cand.theol. og dr. philos.
Ole Mørk Sandvik vart fødd på Helgøya i Nes (no Ringsaker) i Hedmark som son av skoleinspektør Paul Knutsen Barstad Sandvik og Nikoline Petrine Mørk. Han vart gift 1906 med pianist Anna Margrethe («Nanna») Rønneberg Munthe-Kaas. Sandvik studerte teologi og tok embetseksamen i 1912, men gjekk sidan over til lærargjerninga og musikkforskinga. Han tok doktorgrad på avhandlinga «Norsk folkemusikk, særlig østlandsmusikken». Frå 1916 til 1945 underviste han i liturgi og kyrkjesong ved det praktisk-teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
Sandvik var sekretær for koralbokkomiteen frå 1923 til 1926. Som følgje av innsatsen hans, vart det teke inn rundt 40 norske folketonar i koralboka av 1926. Sandvik har òg gjeve ut skolesongbøker og musikkhistoriske verk.
Bibliografi (Eit utval) Graduale for den norske kirke (1925) Norsk koralhistorie (1930) Østerdalsmusikken (1943) Folkemusikken i Gudbrandsdalen (2. utg. 1948) Setesdalsmelodier (1952) Norske religiøse folketoner (bd. 1 og 2, 1960 og 1964) Springleiker i norske bygder (1967) Norges musikkhistorie (2 bd. 1921) (saman med G. Schjelderup) gav han 1921 ut , saman med K. Koppang Realskolens sangbok (1932, rev. utg. 1946) (saman med K. Koppang) Gymnasiets sangbok (1932) (saman med K. Koppang )
Kjelder
Alfred K. Dahl i Kristen sang og musikk Runa forlag 1965 «Ole Mørk Sandvik» i Norsk biografisk leksikon
Kategori:Folk frå Ringsaker Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske folkemusikksamlarar