Las Rozas de Madrid (eller berre Las Rozas) er ein av dei større byane og kommunane i Regionen Madrid i Spania. Han har kring 100 000 innbyggjarar og ligg kring 18 km nordvest for Madrid. Kommunen grensar til Torrelodones i nord, Villanueva del Pardillo og Galapagar i vest, Monte del Pardo (Madrid) i aust og Majadahonda i sør.
Las Rozas har ein av dei høgaste inntektene per innbyggjar i Regionen Madrid.
Historie Ifølgje somme historikarar kan Las Rozas ha vore den gamle Miacum, namnet på byen som Madrid utvikla seg frå. Las Rozas vart grunnlagd langs vegen som gjekk frå Segovia til Titulcia.
Under den spanske borgarkrigen var området åstad for store slag, og det finst framleis bunkerar frå denne tida att i dag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Las Rozas de Madrid» frå , den 13. november 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Regionen Madrid