Arganda del Rey er ein kommune i Madrid i Spania med om lag 60 000 innbyggjarar.

Historie Ein kjenner til busetnader her sidan arabarane var på Den iberiske halvøya, men det er funne arkeologiske spor frå romartida.

På 1000-talet vart Arganda erobra av dei kristne, men han hadde ikkje særleg med innbyggjarar før 1300-talet. Fram til 1581 høyrte Arganda til erkebispedømet Toledo. Filip II gav staden landsbystatus, men økonomiske problem i kommunen førte til at staden vart seldt til hertugen av Lerma i 1613.

Kommunen voks på grunn av vinindustrien og fekk jernbanesamband til Madrid i 1843. På starten av 1900-talet vart det oppretta sukkerplantasjar her. Dette var starten på industrialiseringa og ein kraftig folkevekst.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arganda del Rey» frå , den 15. november 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Regionen Madrid