Täschhorn er eit 4 491 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, ovanom Saas-Fee i kantonen Valais. Täschhorn ligg i fjellrekka Mischabel. Av fjelltoppane i Wallis-Alpane over 4000 m er Täschhorn eit av dei som er vanskelege å nå til topps på. Grunna den krevjande normalruta (Mischabelgrat) vert fjelltoppen klatra relativt sjeldan.

30. juli 1862 var fyrste gongen nokon kleiv til topps på Täschhorn. Stefan og Johann Zumtaugwald, John Llewelyn Davies, J.W. Hayward og Peter-Josef Summermatter steig opp nordvestsida (Kinflanke), rett frå landsbyen Randa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Täschhorn» frå , den 15. november 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais