South Yorkshire er eit metropolitansk grevskap i Yorkshire and the Humber i England. Det har kring 1,3 millionar innbyggjarar og består av fire bykommunar: Barnsley, Doncaster, Rotherham og Sheffield. South Yorkshire vart skipa 1. april 1974.Arnold-Baker, C., Local Government Act 1972, (1973)

Det ligg på austsida av Penninane og har ikkje kystlinje. Det grensar til Derbyshire i sørvest, West Yorkshire i nordvest, North Yorkshire i nord, East Riding of Yorkshire i nordaust, Lincolnshire i aust og Nottinghamshire i søraust. Sheffield storbyområde er det sjette største storbyområdet i England og dominerer den vestlege halvdelen av South Yorkshire med over halvparten av innbyggjarane.

South Yorkshire grevskapsråd vart nedlagt i 1986 og distrikta er i dag i røynda sameinte styresmakter.

South Yorkshire vart skapt av 32 tidlegare lokale distrikt som låg i Derbyshire, Nottinghamshire, West Riding of Yorkshire og fire sjølvstendige bykommunar.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kjelder Denne artikkelen bygger på «South Yorkshire» frå , den 28. november 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Skipingar i 1974