Svein Ellingsen () var ein norsk biletkunstnar og salmediktar.
Biografi
Svein Ørnulf Ellingsen vart fødd på Kongsberg som son av murmeister Fritz Frølich Ellingsen (1878–1946) og blomsterbindar Karoline Enge (1888–1951). Han vart gift 1962 med Martha Ingegjerd Kallhovd. Skoletida på Kongsberg var vanskeleg for Svein Ellingsen, og etter gymnaset hadde han ein periode med mykje angst og depresjon. Svein Ellingsen studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i 1950–51, ved Bjarne Engebrets malarskole 1951–52, ved Statens Kunstakademi i 1952-55 og ved Statens lærerskole i forming i 1966-67. I studietida arbeidde han som frilansjournalist. I 1957–63 var han redaksjonssekretær i ukeavisa Vår Kirke . Han var òg nokre år kunstmeldar i Vårt Land. Frå 1963 til 1967 var han forlagssekretær i Chr. Schibsteds forlag , 1968–83 formingslærar ved Moland ungdomsskole. I 1976 vart han statsstipendiat.
Som kunstmålar har Ellingsen hatt mange separatutstillingar, og han har delteke på Høstutstillinga. Han publiserte salmetekstar tidleg i 1950-åra. Dei første samlingane hans, Det skjulte nærvær og Noen må våke, kom ut i 1978.
Svein Ellingsen er representert med salmar i Norsk Salmebok (1985) og i salmeboktillegget Salmer 1997 og dessutan i danske, finske, finlandssvenske, færøyske, islandske, tyske og amerikanske salmebøker og salmeboktillegg.
«Mange av Svein Ellingsens salmer er blitt folkeeige, som «Fylt av glede over livets under», «Vær sterk min sjel», «Gjennom denne dagens timer», «Noen må våke» og «Døden må vike for gudsrikets krefter».
Utmerkingar
I 1977 mottok han Aust-Agder fylkes kulturpris I 1984 fekk han Brobyggerprisen I 1992 fekk han Fritt Ords Honnør I 1995 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden I 2001 fekk han Tekstforfatterfondets ærespris 3. september 2008 vart han gjeven æresdoktorat ved Det teologiske menighetsfakultet. I 2009 fekk han Petter Dass-prisen.
Bibliografi bidrag i Kunsten i kirkens historie. 1965 Med hyllings ljod, antologi, 1966 Det skjulte nærvær. 1. utg. 1978 Noen må våke. 1978 Under løftets høye himmel. 1981 Så stilner livets jag. 1986 Regler, rim og revestreker. 1986 (barnedikt) Vårt øye ser mot Betlehem. 1987 Mens jeg her er tatt til side, (red.), dikt og bøner, 1989 Det finnes en dyrebar rose. 1989 Skjult som vind i treets krone, studiehefte, 1990 Da tenner moder alle lys, (red.) antologi, 1991 I lyset fra Guds fremtid. 1999 (dikt i utvalg) I lyset fra Guds fremtid, dikt i utvalg, 1999 Alt ble med ett så stille. Salmer og bønner i sorg, 2002 Du kommer til oss, Herre. En salme ved dåp av unge og voksne, 2005 En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme - salmer gjennom femti år. (2009)
Kjelder Norsk biografisk leksikon Vårt Land
Kategori:Norske salmediktarar Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Forfattarar frå Buskerud kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør