Cesare Zavattini () var ein italiensk filmforfattar og ein av dei første teoretikarane bak neorealismen innan italiensk film i etterkrigstida.

Han var fødd i Luzzara, nær Reggio Emilia nord i Italia. Zavattini studerte jus ved Universitetet i Parma, men starta i staden å skrive. I 1930 flytta han til Milano og arbeidde for forleggaren Angelo Rizzoli. Etter Rizzoli byrja han å produsere filmar i 1934. I 1936 hadde han skrive manus til den første filmen. I 1939 møtte han Vittorio De Sica og starta eit partnarskap som enda med om lag 25 filmar, inkludert meisterverk innan italiensk neorealisme som Sciuscià (1946) Sykkeltyven (1948), Miracolo a Milano (Miraklet i Milano, 1951), og Umberto D. (1952).

Bakgrunnsstoff Cesare Zavattini på IMDb Offisiell nettstad

Kategori:Italienske filmforfattarar Kategori:Italienske forfattarar