Truls og Trine var eit julehefte teikna av Arild Midthun. Teksten var forfatta av Terje Nordberg og Dag Kolstad. Det første heftet, Truls og Trine redder julen, vart utgjeve til jul i 1983. Det var det første nyskapte norske seriejuleheftet sidan 1956. Dette heftet har vorte rekna som innleiinga til ein periode med fleire nyproduserte norske teikneseriar.Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene. side 145

Hovudpersonane i «Truls og Trine» er to sysken som er 10-12 år gamle. Av andre figurar møter ein mest nissar, troll og dyr.

Teikneserien «Truls og Trine» har kome berre som julehefte. Utgåver 1983: Truls og Trine redder julen - tekst av Terje Nordberg og Dag E. Kolstad, teikning Arild Midthun, utgjeve av Semic. Ny utgåve i 1998 1984: Truls og Trine. Julemysteriet - tekst av Terje Nordberg og Dag E. Kolstad, teikning Arild Midthun 1985: Truls og Trine : Trolljul - tekst av Terje Nordberg og Dag Kolstad, teikningar av Arild Midthun, Bladkompaniet

Kjelder Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004

Fotnotar

Kategori:Julehefte Kategori:Skipingar i 1983 Kategori:Oppdikta sysken