Perth and Kinross (skotsk-gælisk Peairt agus Ceann Rois) er ein av 32 regionar i Skottland og eit statthaldarskap. Han grensar til Aberdeenshire, Angus, City of Dundee, Fife, Clackmannanshire, Stirling, Argyll and Bute og Highland. Perth er adminsitrativt senter. Regionen samsvarar i det store og heile, men ikkje heilt, med dei tidlegare grevskapa Perthshire og Kinross-shire.

Perthshire og Kinross-shire hadde felles grevskapsråd frå 1929 fram til 1975. Området vart skipa som eit enkelt distrikt i 1975, i regionen Tayside og vart ein eigen region i 1996.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Perth and Kinross» frå , den 14. desember 2009.

Bakgrunnsstoff