Deceptionøya eller Deception Island ('den bedragerske øya') er ei aktiv vulkanøy i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Deceptionøya har ei av dei sikraste hamnene i Antarktis og var ein viktig base for kvalfangst frå 1906 til 1931. Vulkanutbrot i 1967 og 1969 gjorde store skadar på forskingsstasjonane på øya, og det er no berre Argentina og Spania som har basar der.

Deceptionøya er utpeikt som eit spesielt forvaltingsområde i Antarktis for å sørgje for omsyn til natur, forsking, turisme og kulturvern. På grunn av den vulkanske aktiviteten har øya ein unik flora i antarktisk samanheng. Ho er samtidig mellom dei mest besøkte stadene i Antarktis.

Det er uvisst kven som oppdaga Deceptionøya, men Sør-Shetlandsøyane vart observert av William Smith den 19. februar 1819. Deceptionøya inngår kravområda til både Storbritannia, Argentina og Chile i Antarktis.

Geografi Deceptionøya er mellom dei minste av dei elleve hovudøyane i Sør-Shetlandsøyane, og ho ligg sørvest i øygruppa. Øya ligg om lag 100 km nord for Antarktishalvøya, skild av Bransfield Strait, og 1 000 km frå hamnebyen Ushuaia i Argentina som er utgangspunktet for dei fleste cruisa til Antarktis.

Øya er ringforma med ein diameter på omtrent 15 km. Over 57 % av øya er dekt av isbrear, og det høgste punktet er Mount Pond (539 moh.) på den austlege delen av øya. Det totale landarealet inkludert omliggjande øyar er 98,5 km². mini|venstre|Neptunes Bellows, innseglinga til Port Foster. Senteret på øya er ein kaldera som vart forma av eit gigantisk (VEI-6) vulkanutbrot og seinare overfløymd. Dette har skapt hamnebassenget Port Foster som er omkring ni km langt og seks km breitt, med ei utstrekning på over 30 km² og ei djupn på rundt 180 meter. Det einaste innløpet til Port Foster ligg i søraust, er berre eit par hundre meter breitt og vert kalla Neptunes Bellows («Blåsebelgen til Neptun»). Midt i Neptunes Bellows på 2,5 meters djup ligg undervasskjeret Ravn Rock, oppkalla etter kvalskuta «Ravn». Chr. Salvesen sin kvalbåt «Southern Hunter» grunnstøytte her i 1956, og restar av akterspegelen ligg framleis på stranda vest for Neptunes Bellows.

Fleire maarar finst langs stranda ved kalderaen, og enkelte inneheld kratersjøar. Andre dannar dei mindre buktene Whalers Bay rett innanfor Neptunes Bellows, Pendulum Cove, Telefon Bay og Fumarole Bay. Kroner Lake er den einaste geotermiske laguna i Antarktis.

På den austlege kysten frå Macaroni Point i nordaust til Baily Head i søraust finn ein den åtte kilometer lange og nesten snorrette stranda Costa Recta, ei av fleire svarte lavasandstrender på øya, og fleire av dei er dampande grunna den termiske aktiviteten.

Geologi mini|venstre|Kalderaveggen. Deceptionøya er ein aktiv basaltvulkan og det største av dei tre vulkanske sentera på Sør-Shetlandsøyane. Ho har ein nedsøkkt basal diameter på omtrent 30 km og reiser seg 1 500 meter over havbotnen.

Eit valdsamt og eksplosivt vulkanutbrot for bortimot 10 000 år sidan fjerna omtrent 30 km³ steinmassar frå Deceptionøya. Vulkanen kollapsa og danna ein kaldera, nemleg Port Foster. Påfølgjande oskenedfall og tsunamiar hadde stor miljøinnverknad på området rundt den antarktiske halvøya, og utbrot frå dei siste 8 700 åra er daterte frå oskelag i innsjøsediment i området.«Deception Island» hjå Smithsonian Institution Global Volcanism Program.

Vulkanen var særleg aktiv på 17- og 1800-talet. På 1900-talet var det utbrot i to periodar – omkring 1906–1910 og frå 1967 til 1970. 4. desember 1967 førte eksplosive utbrot i Telefon Bay i nordenden av Port Foster til danninga av den nye øya Yelcho Island, 900 m lang, 250 m brei og 120 m høg. Tefravolumet frå utbrota vart rekna til å vere 50 millionar kubikkmeter. 21. februar 1969 førte eksplosive utbrot vest for Mount Pond til is- og gjørmestraumar som øydela forskingsstasjonane til Chile og Storbritannia. Tefravolumet var om lag 30 millionar kubikkmeter, og det vart registrert jordskjelv med styrke 5,3 på Richters skala i samband med utbrota. Det førebels siste utbrotet fann stad nord for Telefon Bay 12. august 1970 og spreidde oske over store delar av Antarktishalvøya og Sør-Shetlandsøyane. I 1992 utløyste aukande seismisk aktivitet deformasjonar i grunnen og høgare vasstemperaturar. Botnen av Port Foster hevar seg raskt i geologisk perspektiv, om lag 30 cm per år, og kalderaen er klassifisert som uroleg med rimeleg stor vulkansk risiko.«Volcanic Activity» hjå Deception Island Management Group.

Store delar av isbreane på øya er delvis dekte av vulkansk oske, og morenevollar finst ved ytterkantane på breane. Ein nesten komplett ring av fjell omkransar Port Foster og utgjer vasskiljet på øya. Efemeriske (kortvarige) bekker renn mot den indre og den ytre kysten, og fleire innsjøar ligg på innsida av vasskiljet.

Den spanske forskingsstasjonen Gabriel de Castilla overvakar seismografane på øya årleg frå slutten av november til slutten av februar, perioden med størst menneskeleg aktivitet på øya. Det er etablert eit varslingssystem og ein evakueringsstrategi i tilfelle aukande fare for vulkansk aktivitet.

Biologi Planteliv mini|Antarktisk perleurt(Colobanthus Quitensis) Deceptionøya har ein sparsam flora, som likevel er eksepsjonell i antarktisk samanheng. Mellom anna finst det på øya minst 18 artar mose og lav som ikkje er observerte andre stader i Antarktis, og to av dei er endemiske. Av spesiell viktigskap er plantelivet på dei geotermiske områda på øya, der den største kjende førekomsten av den moseliknande nellikblomen antarktisk perleurt finst mellom Baily Head og South East Point. Planta vart nesten utrydda av dei siste vulkanutbrota i perioden 1967–1970, men har teke seg opp att, og har no ein del større utbreiing enn før utbrota. Viktige er også områda der overflata vart danna av desse utbrota, og som har vorte raskt koloniserte. Kroner Lake inneheld ein unik koloni med brakkvassalgar.

Elleve område av spesiell botanisk interesse vart i 2005 vedtekne som spesielt verneområde i Antarktis (Antarctic Specially Protected Area, ASPA) nr. 140, medan ASPA nr. 145 dekkjer delar av Port Foster, der det økologiske miljøet er påverka ganske mykje av vulkansk aktivitet og sedimentering.«Flora and Fauna» hjå Deception Island Management Group.

Dyreliv mini|venstre|Ringpingvin(Pygoscelis antarctica) mini|Weddellsel(Leptonychotes weddelli) Åtte artar av sjøfuglar hekkar på øya. På Baily Head finn ein den største kolonien i verda med ringpingvinar. Bestanden var omkring 100 000 par i 1989, men har seinare sokke til truleg under 75 000 par. Totalt hekkar det mellom 140 000 og 191 000 par ringpingvinar på øya, i tillegg til eit mindre tal gulltoppingvinar.

Andre sjøfuglar som hekkar i området er sørhavsjo, taremåse, flekkpetrell, oseanstormsvale, sørhavsterne og antarktisslirenebb.«Deception Island » hjå Eco-Photo Explorers.

Det er òg store førekomstar av sel, men dei ynglar ikkje på øya. Antarktisk pelssel, weddellsel, elefantsel og leopardsel trekkjer opp på strendene både på den indre og ytre kysten. Også krabbeetarsel oppheld seg sporadisk ved Baily Head.A complete guide to Antarctic wildlife av Hadoram Shirihai (London: A&S Black Publishers Ltd, 2007 – ISBN 978-0-7136-6406-5), s. 442.

Av virvellause landdyr og ferskvassdyr er det registrert éin flugeart, 18 artar midd, 14 rundormar, ni artar spretthalar, fem artar hjuldyr, tre artar bjørnedyr, tre artar krepsdyr og éin art Gastrotricha.

Klima Deceptionøya har ifølgje Köppen si klimaklassifisering eit tundraklima, karakterisert ved ein temperaturnormal under 10 °C i alle månadene, men over 0 °C i dei varmaste månadene. Longyearbyen på Svalbard ligg i same klimasone.

Øya ligg like langt frå ekvator som Færøyane, men nærleiken til Antarktis medfører at klimaet er mykje kaldare. Lufttemperaturen varierer mellom 11 °C og –28 °C med ein årsnormal på –3 °C, og årleg nedbør er om lag 500 mm. Dei rådande vindretningane er frå nordvest og frå aust. Port Foster frys til frå juni til midten av november. Det er registrert aukande temperaturar i regionen, spesielt sommartid.

Ekstremt mikroklima finst rundt dampande fumaroler og geotermisk oppvarma vatn, der temperaturar opp mot 70 °C er registrerte.«Climate» hjå Deception Island Management Group.

<div style="width:60%">

Historie Oppdaginga av øygruppa Det er uvisst kven som observerte Deceptionøya fyrst, men Sør-Shetlandsøyane vart oppdaga av kaptein William Smith på handelsskipet «Williams» 19. februar 1819. Han fekk auge på det som i dag heiter Williams Point, den nordaustlegaste spissen av Livingston Island, etter å ha kome ut av kurs sør for Kapp Horn. Han returnerte seinare same år og steig i land på King George Island 16. oktober 1819 og gjorde krav på øyane for kong Georg III. Den britiske marinen sende deretter ein ekspedisjon som var leidd av Edward Bransfield med Smith som kaptein på «Williams» for å utforske og kartleggje øyane. 22. januar 1820 vart det igjen gått i land på King George Island, og 4. februar vart det stige i land på Clarence Island. Øyane vart igjen gjorde krav på, men no for den nye kongen, Georg IV. Deretter vart fleire øyar utanfor den antarktiske halvøya kartlagde.

Selfangst Frå slutten av 1700-talet dreiv britiske og amerikanske selfangarar ein intensiv fangst på antarktisk pelssel i Sørishavet. Etter oppdaginga av Sør-Shetlandsøyane tok det ikkje lang tid før dei fyrste selfangarane var på plass – allereie 25. desember 1820 var ein av mannskapsmedlemmene frå «Williams» tilbake for å gjere forteneste.

I sesongen 1820–1821 var det ikkje mindre enn 91 selfangstskuter som opererte ved Sør-Shetlandsøyane. Deceptionøya vart då brukt som hamn av den amerikanske selfangaren Nathaniel Palmer, truleg fyrstemann som brukte kalderaen som hamn. William Smith deltok også i seljakta dette året, og returnerte med 60 000 skinn. Det gjekk ikkje meir enn eit par sesongar før pelsselen var nærast utrydda i området, og det skulle gå eit halvt hundreår før eit større tal selfangarar oppsøkte øyane att. I perioden 1871–1874 fanga ei handfull amerikanske selfangarar omkring 33 000 pelssel frå den langsamt aukande bestanden. I 1888–1889 rapporterte ei skute om berre 39 skinn, to år seinare 41.

Kvalfangst mini|venstre|Restar av landstasjonen i Whalers Bay. I 1906 byrja Adolf Amandus Andresen og det chilenske kvalfangstføretaket hans Sociedad Ballenera de Magallanes å bruke Whalers Bay som base for det flytande kokeriet «Gobernador Bories».«Adolf Amandus Andresen» hjå Norsk Polarhistorie. Andre føretak tok etter, og i 1914 låg det 13 kvalkokeri oppankra side om side i bukta, dei fleste av dei norske. Whalers Bay gjekk under namnet Ny-Sandefjord blant dei norske kvalfangarane.

I sesongen 1912–1913 etablerte kvalfangstselskapet Hektor A/S frå Tønsberg ein landstasjon i Whalers Bay, Hektor Hvalfangststasjon, med bygningar som vart tekne med frå Noreg.«Tidslinje i norsk polarhistorie» hjå Norsk Polarhistorie. Medan kvalspekket vart teke hand om bord i kokeria, vart kvalskrottane kokte på landstasjonen og lagra på store jerntankar. Fram til då hadde kvalskrottane berre vorte liggjande langs skutesidene etter flensing og låg i tusental langs stranda og rotna.

mini|Bilete av kyrkjegarden før øydeleggingane. Ein kyrkjegard vart laga i 1908, og denne inneheldt 35 graver og ti minnesmerke over menn som vart borte på sjøen. Av desse var 38 nordmenn, tre svenskar, ein brite, ein chilenar, ein russar og ein av ukjent opphav. Gravene vart i likskap med mykje anna sterkt øydelagde av vulkanutbrotet i 1969.

Mesteparten av den antarktiske kvalfangsten gjekk føre seg ved Sør-Shetlandsøyane fram til 1926–1927, då den pelagiske fangsten for alvor var i ferd med å gjere landstasjonane overflødige. Då kvaloljeprisane sokk under den store depresjonen, vart drifta ved stasjonen ulønsam. Han vart stengd i 1931, men framleis finst det spor etter rustne kjelar og oljetankar, i tillegg til fleire bygningar.

Suverenitet og konfliktar