Høydalsmo kyrkje er ei kyrkje i Høydalsmo og Lårdal sokn i Øvre Telemark prosti. Kyrkja høyrer til Tokke kyrkjeleg fellesråd. Ho vart vigsla i 1747.
Kyrkja vart restaurert av Auver Auversson Flatland i 1873. Preikestolen og altartavla er frå det året. Altertavla har Jeseu oppstode til motiv og er ein kopi etter Adolph Tidemand si altertavle til Bragernes kyrkje i Drammen. Del av den gamle altertavla står også i koret. Kyrkja vart restaurert att i 1984.
I 1986 datt kyrkjeklokka ned. Klokka kom frå det utan å verte øydelagt, men då dei skulle hengje henne opp att fann dei att tårnet var ròte, og det laut difor byggjast nytt.
Ei stavkyrkje i bygda frå 1200-talet vart riven i 1785.
Fotnotar
Kjelder «Høydaslmo kyrkje» på nettstaden til Tokke kommune Om Høydaslmo og Lårdal kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Tokke Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1740-åra Kategori:Kulturminne i Tokke Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme