mini|Kart over Quiberonbukta Slaget ved Quiberonbukta (Bataille des Cardinaux) var eit sjøslag som fann stad 20. november 1759 under sjuårskrigen i Quiberonbukta, utanfor kysten av Frankrike nær St. Nazaire. Den britiske admiralen Sir Edward Hawke med 23 linjeskip tok igjen ein fransk flåte med 21 linjeskip under Marshal de Conflans og etter harde kampar, sokk, kapra eller grunnstøtte britane dei fleste av dei, og gav Royal Navy ein av dei største sigrane sine.

Bakgrunn I løpet av 1759 hadde franskmennene planar om å invadere England og Skottland og hadde samla transportskip og soldatar rundt munningen av elva Loire. Nederlaget til middelhavsflåten i slaget ved Lagos i august gjorde at invasjonsplanane ikkje kunne gjennomførast, men Choiseul hadde framleis planar om å ta Skottland, så flåten fekk ordre om å kome seg unna den britiske blokaden utanfor Brest og samle transportskipa i Morbihanbukta.

Den første veka i november slo ein vestleg sterk kuling inn og etter tre dagar, måtte skipa til Hawke vende attende mot Torbay på sørkysten av England. Robert Duff vart att i Quiberonbukta med ein skvadron på 5 'fifties' og 9 fregattar for å halde eit auge med transportskipa. I mellomtida kom ein liten skvadron frå Vestindia til Conflans i Brest og då austavinden kom den 14. november, kom Conflans seg ut. Han vart oppdaga av HMS «Actaeon», som hadde vore att ved Brest, trass den kraftige vinden, men hadde ikkje klart å nå Hawke med HMS «Juno» og HMS «Swallow». Desse skipa hadde prøvd å åtvare Duff, men vart tilsynelatande jaga bort av franskmennene.Corbett s. 52-3 Duff fekk melding dagen etter og sette segl mot Quiberon inn i ein kraftig søraustleg vind. Samstundes ahdde HMS «Vengeance» nådd Quiberonbukta kvelden før for å åtvare Duff og han sende skvadronen sin til havs i den kraftige vinden.Corbett s. 59

Slaget mini|Rørslene til dei engelske og franske flåtane Conflans hadde kjempa mot vinden og hadde sakka av kvelden den 19. for å nå Quiberon ved daggry. 20 nautiske mil utanfor Bellisle såg han sju av skipa i skvadronen til Duff. Då han skjønte at dette ikkje var hovudflåten til britane, sette han opp farten. Duff delte skipa sine mot nord og sør, med fronten og senteret til franskmennene jagande etter, medan dei bakarste franske skipa heldt seg tilbake på vindsida for å observere nokre segl dei hadde sett dukke opp i vest.Corbett s. 60 Franskmennene avbraut forfølginga, men var framleis spreidd då flåten til Hawke kom til syne. HMS «Magnanime» såg franskmennene kl. 0830 og Hawke gav signal om å sette skipa side om side.

Conflans måtte ta eit val, å starte kampen med den ufordelaktige posisjonen han no hadde til havs og ein særs kraftig nordvest, eller gå inn til Quiberonbukta, forsvare seg der og lokke Hawke inn i labyrinten av skjer og grunner.Corbett s. 61 Rundt kl. 0900 gav Hawke signal om generell forfølging, samt eit nytt signal om at dei første sju skipa skulle danne ei linje framfor og trass i vêret setje fullt segl.Corbett s. 63-4 Kl. 1430 hadde Conflans runda Les Cardinaux, klippene ytst på Quiberonhalvøya som har gjeve det franske namnet på slaget. Dei første skota vart høyrd samstundes som han runda klippene, sjølv om Sir John Bentley på «Warspite» hevda at dei vart avfyrte utan hans ordre.Corbett s. 65 Britane var i ferd med å ta igjen dei bakaraste franske skipa medan skipa i midten og heilt framme var på veg inn i den tryggare bukta.

Like før kl. 1600 overgav det medtekne franske «Formidable» seg til HMS «Resolution», samstundes med at Hawke sjølv runda Les Cardinaux.Corbett s. 66 Samstundes tapte «Thésée» duellen hennar med HMS «Neptune» og gjekk ned. «Superbe» kantra og den hardt skadde «Héros» heiste flagget for vicomte Howe før ho gjekk på grunn i løpet kvelden.

Samstundes dreidde vinden frå vest-nordvest til nordvest, og dette gjorde den halvvegs oppretta linja til Conflans ytterlegare forvirra. Conflans prøvde utan hell å få orden i rekkene, men valde til slutt å gå ut til havs igjen. Flaggskipet hans, «Soleil-Royal», var på veg ut bukta, samstundes med at Hawke var på veg inn på HMS «Royal George». Hawke såg høvet til å skyte langskips mot «Soleil Royal», men «Intrépide» la seg i mellom og tok imot elden.Corbett s. 67 Samstundes hadde «Soleil Royal» falle mot lesdia og vart tvunge tilbake og ankra opp utanfor Croisic, vekk frå resten av den franske flåten. No var klokka vorte 1700 og mørket var i ferd med å senke seg, så Hawke gjorde signal om å kaste anker.

I løpet av natta klarte åtte franske skip å gjere det «Soleil Royal» ikkje hadde klart, å navigere gjennom grunnene og ut i det trygge havet til Rochefort.Corbett s. p68 Sju skip og fregattar låg i Villaine-estuaret (like utanfor kartet over, mot aust), men Hawke vågde ikkje å gå til åtak mot dei i den kraftige vinden. Franskmennene kasta kanonar og utstyr over bord og nytta floa som var på veg inn, og nordvestavinden til å kome seg over sandbanken og inn i Villaine-elva. Fire linjeskip braut kjølen i gjørma. Den hardt skadde «Juste» gjekk tapt med alle mann då segla mot Loire og HMS «Resolution» gjekk på grunn i løpet av natta. mini|Slaget ved Quiberon Bay: dagen etter(Richard Wright 1760) «Soleil Royal» prøvde å kome seg i tryggleik ved batteria i Croisic, men HMS «Essex» jaga etter, noko som førte til at begge gjekk på grunn ved sidan av «Heros». Den 22. november minka vinden og tre av skipa til Duff vart sende for å øydelegge dei grunnstøtte skipa. Conflans sette «Soleil Royal» i brann sjølv, medan britane brende «Heros», som sett på måleriet til Richard Wright til høgre. Hawke prøvde å angripe skipa i Villaine med brannbåtar, men det hadde ingen effekt.Corbett s. 67

Etterverknad Den franske flåten var kraftig svekka og kom seg ikkje på fote att før krigen var over. Som Alfred Thayer Mahan sa, «Slaget den 20. november 1759 var denne krigen sitt Trafalgar [...] den engelske flåten var no fri til å handle mot dei franske koloniane og seinare dei spanske, på ein langt større skala enn tidlegare.» Til dømes klarte ikkje franskmennene å følgje opp sigeren deira i slaget ved Sainte-Foy i 1760 fordi dei ikkje fekk ettersendt forsyningar frå Frankrike, så hendinga i Quiberonbukta kan ha vore avgjerande for lagnaden Ny-Frankrike og dermed Canada.

Frankrike opplevde ei kredittinnstramming, sidan finansmennene innsåg at britane no kunne angripe når dei måtte ønske mot fransk handel.Corbett s. 72

Skip i slaget Frankrike NamnKanonarKommandantMennMerknadFørste divisjon«Soleil-Royal»80kapt. B. de Chasac950Flaggskipet til Marquis de Conflans – grunnstøytte og brent «Orient»80kapt. N. de la Filière750Flaggskipet til Chevalier de Guébridant Budes – slapp unna til Rochefort«Glorieux»74Villars de la Brosse650Slapp unna til Vilaine«Robuste»74Fragnier de Vienne650Slapp unna til Vilaine«Dauphin Royal»70Chevalier d'Uturbie Fragosse630Slapp unna til Rochefort«Dragon»64Vassor de la Touche450Slapp unna til Vilaine«Solitaire»64Vicomte de Langle450Slapp unna til RochefortAndre divisjon«Tonnant»80kapt. St Victoret800Flaggskipet til Chevalier de Beauffremont – slapp unna til Rochefort«Intrépide»74Chastologer650Slapp unna til Rochefort«Thésée»74Kersaint de Coetnempren650Sokk«Northumberland»70Belingant de Kerbabut630Slapp unna til Rochefort«Superbe»70Montalais630Sokke av «Royal George»«Eveillé»64Prévalais de la Roche450Slapp unna til Vilaine«Brillant»64Keremar Boischateau450Slapp unna til VilaineTredje divisjon«Formidable»80kapt. St André800Flaggskipet til De Saint André du Vergé – teken av «Resolution»«Magnifique»74Bigot de Morogues650Slapp unna til Rochefort«Héros»74Vicomte de Sanzay650Overgav seg, men gjekk på grunn dagen etter i den kraftige vinden og til slutt brent«Juste»70François de Saint Allouarn630Forliste i Loire«Inflexible»64Tancrede540Mista i munningen til Vilaine«Sphinx»64Goyon450«Bizarre»64Prince de Montbazon450Slapp unna til RochefortFregattar og korvettar«Hébé»40300Segla tilbake til Brest«Vestale»254Slapp unna til Vilaine«Aigrette»Slapp unna til Vilaine«Calypso»Slapp unna til VilainePrince Noir/NoireSlapp unna til VilaineAndre«Vengeance»?

Storbritannia mini|HMS «Royal George», flaggskipet til Hawke i Quiberonbukta - Etterlikning av elfenbein frå kvalross NamnKanonarKommandørMennMerknaderHMS «Royal George»100Kaptein Campbell880Flaggskipet til Sir Edward HawkeHMS «Union»90Kaptein J. Evans770Flaggskipet Sir Charles HardyHMS «Duke»80Kapt. Samuel Graves800HMS «Namur»90Matthew Buckle780HMS «Resolution»74Henry Speke600Forliste på ei grunneHMS «Hero»74George Edgcumbe600HMS «Warspite»74Sir John Bentley600HMS «Hercules»74W. Fortescue600HMS «Torbay»70Augustus Keppel520HMS «Magnanime»70Vicomte Howe520HMS «Mars»70Kommandør James Young520HMS «Swiftsure»70Sir Thomas Stanhope520HMS «Dorsetshire»70Peter Denis520HMS «Burford» 70G. Gambier520HMS «Chichester» 70W. S. Willet520HMS «Temple»70Hon. W. Shirley520HMS «Essex»64Lucius O'Brien480Forliste på ei grunneHMS «Revenge»64J. Storr480HMS «Montague»60Joshua Rowley400HMS «Kingston»60Thomas Shirley400HMS «Intrepid»60J. Maplesden400HMS «Dunkirk»60R. Digby420HMS «Defiance»60P. Baird420HMS «Chatham»50J. Lockhart350HMS «Minerva»32A. Hood220HMS «Venus»36T. Harrison240HMS «Vengeance»28F. Burslem200HMS «Coventry»28D. Digges200HMS «Sapphire»32John Strachan220

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Battle of Quiberon Bay» frå , den 28. desember 2009. oppgav desse kjeldene: Charnock, John Esq., Biographia Navalis, Vols.5 & 6 (London 1798) Clowes, W.L. (ed.). The Royal Navy; A History, from the Earliest Times to the Present, Volume III. (London 1898). Jenkins, E.H. A History of the French Navy (London 1973). Mackay, R.F. Admiral Hawke (Oxford 1965). Marcus, G. Quiberon Bay; The Campaign in Home Waters, 1759 (London, 1960). Tunstall, Brian og Tracy, Nicholas (ed.). Naval Warfare in the Age of Sail. The Evolution of Fighting Tactics, 1650-1815 (London, 1990).

Bakgrunnsstoff Royal Navy om slaget

Quiberon Bay Kategori:Konfliktar i 1759 Kategori:Britiske sjøslag Kategori:Franske sjøslag