Elisabet av Russland () var tsarinne av Russland frå 1741 til 1762. Ho tok landet inn i den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) og sjuårskrigen (1756–1763). Like før ho døydde i 1762 omfatta Det russiske imperiet nesten 16 millionar kvadratkilometer.
Innanrikspolitikken hennar tillét adelen å få større innverknad i dei lokale styra, medan ho korta inn tenestetida deira i staten. Ho oppfordra Lomonosov til å grunnleggje Universitetet i Moskva og Sjuvalov til å grunnleggje Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg. Ho brukte òg enorme summar på grandiose barokkbyggverk av favorittarkitekten hennar, Bartolomeo Rastrelli, særleg i Peterhof og Tsarskoje Selo. Vinterpalasset og Smolnyjkatedralen er dei største monumenta etter henne i St. Petersburg. Generelt var ho ein av dei høgast verdsette russiske monarkane, på grunn av dei mange byggverka ho stod bak, fordi ho stod imot prøyssisk politikk og ho sørgde for at ikkje ein einaste person vart avretta under regjeringstida hennar.Russian Tsars av Boris Antonov, s. 105.
Elisabet var den nest eldste dottera til Peter den store og Katarina I. Ho levde gjennom den urolege tida etter at halvbroren hennar, tronarvingen Aleksej, var blitt fengsla og straffa og så døydde i 1718. Då faren døydde gjekk trona fyrst til mora Katarina og så til den unge nevøen hennar Peter II, som døydde i 1730. Han blei etterfølgd av kusina til Elisabet, Anna. Etter den korte regjeringstida til Anna sin grandnevø, den unge Ivan VI, tok Elisabet trona med støtte frå militæret og utrope sin eigen nevø, den framtidige Peter III, til arving.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elizabeth of Russia» frå , den 31. desember 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Russiske tsarinaer Kategori:Huset Romanov Kategori:Folk frå Moskva