Aase Ingerid Nathalie Bjerkholt () var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var medlem av Oslo bystyre frå 1945 til 1947 og frå 1951 til 1955. Ho var statsråd i Einar Gerhardsen sine regjeringar frå 1955 til 1963 og frå 1963 til 1965.
Statsrådpostar Einar Gerhardsen si tredje regjering, 22. januar 1955 til 28. august 1963. 1. august 1955 - 21. desember 1956 Konsultativ statsråd, familie- og forbrukarsaker 21. desember 1956 - 28. august 1963 Statsråd og sjef for Familie- og forbrukardepartementet 30. desember 1962 - 4. februar 1963 Statsråd og sjef for Sosialdepartementet. Einar Gerhardsen si fjerde regjering, 25. september 1963 - 12. oktober 1965 1963-1965 Statsråd og sjef for Familie- og forbrukerdepartementet.
Berre tre av dei fem første kvinnelege statsrådane sat lenge nok i sine stillingar til i noko grad å kunne prege dei. Aase Bjerkholt sat lengst av desse, med ei fartstid på vel 10 år. Aaslaug Aasland sat i om lag åtte år, og Rakel Seweriin hadde knapt to år som statsråd.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Norske familie- og forbrukarministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen IV Kategori:Ap-politikarar i Oslo Kategori:Politikarar frå Oslo