mini|Whitesands Bay og Carn Llidi mini|Whitesands Beach Whitesands Bay (walisisk Porth-mawr) er ei bukt og ei sandstrand med Blått Flagg-sertifisering i St Brides Bay i Pembrokeshire Coast nasjonalpark i Wales.ukattraction.com Stranda ligg om lag 3 km vest for den vesle byen St. Davids og om lag 1,5 km sør for St Davids Head. Stranda er skildra som den beste surfestranda i Pembrokeshire.Pembrokshire

Området nordaust for bukta er dominert av ei stor klippe på 181 meter over havet,kalla Carn Llidi. Pembrokeshire kyststi går langs bukta og vidare til dei meir avsidesliggande buktene i Porthlleuog og Porthmelgan, som ein berre kan nå til fots. I sør fører stien til Porthselau og St. Justinian's.

Det er sagt at St. Patrick hadde eit syn om å konvertere Irland til kristendomen her og sette segl ut bukta på 400-talet.Pembrokshire Coast path Det ligg eit keltisk kapell, tileigna St. Patrick, nær bukta. Når fjøra er ekstra låg kan ein sjå spor etter ein eldgammal skog som er lagt under vatn.walkingbritan.co.uk

Bakgrunnsstoff Pembrokeshire Outdoor St David's på visitpembrokeshire.com St David's golfbane Bilete av Whitesands Bay

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Whitesands Bay (Pembrokeshire)» frå , den 11. januar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Strender i Wales Kategori:Bukter i Wales Kategori:Pembrokeshire