Haitisk kreol er det offisielle språket i Haiti. Det blir snakka i Haiti, i kringliggande område i Karibia og i haitiske utvandrarmiljø, som i USA. Haitisk er eit kreolspråk danna med utgangspunkt i fransk frå 1700-talet, afrikanske språk som wolof, fon og ewe, spansk, taino og i nyare tid også engelsk. Det er det mest tala kreolspråket i verda.
Haitisk kreol har vore offisielt språk på Haiti, saman med fransk, sidan 1961, mykje takka vera Félix Morisseau-Leroy, som også var ein av dei første tidlegare forfattarane som skreiv på kreol. Tidlegare hadde fransk vore det einaste skriftspråket i landet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Haitisk» frå , og «Haitian Creole language» frå den 16. januar 2010.
Kategori:Pidgin- og kreolspråk Kategori:Språk på Guadeloupe Kategori:Språk på Haiti Kategori:Språk i Den dominikanske republikken Kategori:Einskildspråk