mini|Stepper Point (med Trevose Head til høgre i bakgrunnen), sett frå Pentire Farm mini|Kart over Stepper Point og omliggande område
Stepper Point er eit nes nord i Cornwall i England. Neset har ei høgd på 74 meter. Stepper Point og Pentire Point står på kvar si side av munningen til River Camel; Stepper i sørvest og Pentire i nordaust.
På toppen av neset står eit steintårn, bygd som eit dagmerke for skipsfarten i området. Det vart lokalt kalla the Daymark. Det er òg ein kystvaktbygning på neset.
South West kyststi går langs kysten av neset. Den 5 km lange stien frå Padstow til Stepper Point er lett å gå og ikkje altfor bratt. Turistbåtar seglar ofte rundt neset på veg til Padstow som ligg i nærleiken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stepper Point» frå , den 17. januar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes i Cornwall