Little Orme (walisisk Rhiwledyn) er eit nes i Conwy grevskapsdistrikt i Wales med ei høgd på 141 meter. I lag med det større Great Orme dannar dei kvar si side av Llandudno Bay.
I motsetnad til Great Orme har ikkje Little Orme vorte utvikla for verken gruvedrift eller turisme. Det var nokre kalksteinsbrot her på 1800-talet og fram til 1936. Klippene er ein populær stad for fjellklatrarar.
Delar av Little Orme har status som Site of Special Scientific Interest (stad med særleg vitskapleg interesse) North Wales Bird Trust ligg på nedsida av neset og mykje sjøfugl held til i klippene. mini|venstre|Video frå Little Orme
North Wales-stien går over Little Orme.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Orme» frå , den 22. januar 2010. oppgav desse kjeldene: Ivor Wynne Jones. Llandudno Queen of Welsh Resorts Landmark, Ashbourne Derbyshire 2002 ISBN 1-84306-048-5
Bakgrunnsstoff North Wales Wildlife Trust: Rhiwledyn geograph.co.uk - Bilete av Little Orme og området rundt
Kategori:Nes i Wales Little Orme