Caldey Island (walisisk Ynys Bŷr) er ei øy sør for Tenby i Pembrokeshire i Wales. Ho har vore ei heilag øy i Storbritannia sidan tidleg keltisk kristendom.

mini|venstre|Klosteret på Caldey. Det ligg ein liten landsby på øya, men ho er best kjend for klosteret som ligg her. Mellom Caldey Island og fastlandet ligg Caldeysundet, som er 1-2 km breitt. Det går ferje over sundet til Tenby om våren og sommaren.

På 1800-talet vart det brote kalkstein på øya, som vart frakta til lokale tørkeomnar.

Det vart grunnlagd eit keltisk kloster på øya på 500-talet og eit benediktinarkloster var her frå 1136 fram til oppløysinga av dei britiske klostera i 1536. Ein anglikansk benediktinarorden kom hit i 1906 og bygde det noverande klosteret. Dei vart innlemma i den katolske kyrkja i 1913, men reiste frå øya i 1925 på grunn av økonomiske vanskar. Frå 1929 og fram til i dag har cisterciensarar med røter i Belgia halde til i klosteret. Det står òg eit normannisk kapell frå 1100-talet på øya, ein oghamkross frå 500-talet og eit fyr frå 1828.

Namnet på øya kjem frå det norrøne Keld-Eye, som tyder «Kald øy». Det walisiske namnet «Ynys Bŷr» viser til abbeden Pyr, som styrte klosteret her på 500-talet.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Bilete av Caldey Island og omegn

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Caldey Island» frå , den 24. januar 2010.

Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Pembrokeshire Kategori:Kloster i Wales Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Wales