6. august er den 218. dagen i den gregorianske kalenderen (219. under skotår). Det er 147 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det bolivianske flaggetNasjonaldag i Bolivia100px|Det jamaikanske flaggetSjølvstendedag på Jamaica Religiøs helgedag

Namnedag

Hendingar

Utlandet 1824: Slaget ved Junin, der opprørarar leia av Simón Bolívar sigra over spanske troppar. 1825: Bolivia fekk sjølvstende frå Peru. 1935: Andre verdskrigen. Atomvåpen blei brukt mot menneske for første gong då USA sleppte ei atombombe over Hiroshima. Rundt 140 000 døydde med ein gong. 1962: Jamaica fekk sjølvstende.

Noreg 1788: Den dansk-norske regenten, kronprins Fredrik, reiste frå Kristiansand og Noreg etter sitt einaste besøk i landet. 1814: Riksakta mellom Noreg og Sverige vart inngått. 1930: Sunnmørsskuta «Brattvaag» fann på Kvitøya leivningane etter Salomon August Andrée og ekspedisjonen hans.

Fødde

1845: Edvard Liljedahl, norsk lærar og politikar 1881: Alexander Fleming, britisk lege, forskar og nobelprisvinnar 1899: Lillebil Ibsen, norsk skodespelar 1908: Arthur Klæbo, norsk journalist og forfattar 1928: Andy Warhol, USA-amerikansk kunstnar 1932: Kjartan Slettemark, svensk–norsk kunstnar 1937: Charlie Haden, USA-amerikansk jazzmusikar 1955: Tom Sandberg, norsk skirennar 1969: Elliott Smith, USA-amerikansk musikar 1983: Robin van Persie, nederlandsk fotballspelar

Døde

258: Pave Sixtus II 523: Pave Hormisdas 1660: Diego Velázquez, spansk kunstnar 1746: Kristian VI av Danmark-Noreg, konge 1846: Vass-Per, norsk byggmeister 1886: Ramakrishna, indisk religiøs leiar 1965: Aksel Sandemose, dansk-norsk forfattar 1973: Fulgencio Batista, kubansk statsleiar 2005: Ibrahim Ferrer, cubansk musikar 1978: Pave Paul VI 1983: Klaus Nomi, tysk musikar 2005: Robin Cook, britisk politikar 2007: Atle Selberg, norsk matematikar