mini|Mann og fårehund gjeter sauer inn i ei innhegning. Hund og sau er blant dei første domestiserte dyra me kjenner til. Graset dei går på er ein domestisert planteart. Domestisering (lat. domesticus, 'som gjeld huset') eller temjing viser til overgangen for ville dyr og plantar til å bli husdyr og kulturplantar. Menneske har domestisert ulike artar sidan steinalderen, og prøver stadig å domestisera nye.
Ofte vil både mennesket og den domestiserte arten ha utbytta av prosessen. Mennesket bruker arten til nytte, hygge eller pynt, medan arten får hjelp til å overleva og spreia genene sine. Artar som har vore domestiserte i fleire generasjonar går gjennom eit selektivt utval, ei form for evolusjon, som gjer dei ulike ville artsfrendar, til dømes når det gjeld oppførsel, formeiring, vekst og utsjånad. Samstundes er det mogleg at naturleg utval har bidrege til å gjera nokre medlemmer av ein art lettare å domestisera.
Historie
+ Tidsline for domestisering av dyr. Årstal er ikkje stadfesta nøyaktig. Art Årstall Stad Hund 13000 f.Kr. Asia Sau 8000 f.Kr. Midtausten Geit 8000 f.Kr. Midtausten Kveg 8000 f.Kr. Midtausten Gris 7000 f.Kr. Asia og Europa Giuffra m.fl., 1999 Katt 4000 f.Kr.-8000 f.Kr. Vesleasia-Midtausten-Nord-Afrika Driscoll et al., 2009 Alpakka 4000 f.Kr. PeruWheeler, 1995 Lama 4000 f.Kr. Peru Hest 4000 f.Kr. UkrainaAnthony et al., 1991 Esel 4000 f.Kr. Egypt Vassbøffel 4000 f.Kr. Kina Honningbie 4000 f.Kr. Sør-Asia Høns 4000 f.Kr. Thailand Wood-Gush, 1959, Zeuner, 1963, Fumihito et al., 1994, 1996 Silkeorm 2500 f.Kr. Kina Hamamura, 2001 Baktriakamel 2500 f.Kr. Sentral-Asia Dromedar 2500 f.Kr. Arabia Marsvin 1500 f.Kr. PeruWeir, 1974 og Kyle, 1987 Kalkun 100-talet Mexico Kanin 1500-talet Europa Raudrev 1800-talet Europa Mink 1800-talet Europa Hjort 1970-talet New Zealand
Hunden var truleg den første dyrearten som blei domestisert, og spreidde seg til nesten alle menneskesamfunn. Ein reknar med at tamhunden skilde lag frå ulven for minst 15 000 år sidan, kanskje mange tusen år før. Ein ser for seg at han kan ha blitt domestisert gjennom at ulvevalpar blei oppfostra av menneske og dermed sosialiserte, eller ved at flokkar av ulvar blei gradvis meir vane til menneske og tok til å halda seg nær dei for å få matrestar. Dei kan deretter ha blitt nærare knytte til menneske ved å delta i jakt, som vakthund, trekkhund, kanskje også som kjøt- og pelsprodusent.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Domestisering» frå , og «Domestication» frå den 28. januar 2010. oppgav desse kjeldene: John Pickrell. (2004). Oldest Known Pet Cat? 9,500-Year-Old Burial Found on Cyprus. National Geographic News, online. Besøkt 28. juni 2009 Carlos A. Driscoll, Juliet Clutton-Brock, Andrew C. Kitchener og Stephen J. O'Brien. (2009). The Evolution of House Cats. Scientific American (online). Besøkt 28. juni 2009 Giuffra E, Kijas JM, Amarger V, Carlborg O, Jeon JT, Andersson L. The origin of the domestic pig: independent domestication and subsequent introgression. Lagt til 2. okt. 2007 Troy CS, MacHugh DE, Bailey JF, Magee DA, Loftus RT, Cunningham P, Chamberlain AT, Sykes BC, Bradley DG, 2001. Genetic evidence for Near-Eastern origins of European cattle. Nature. 410:1088-1091.
Bakgrunnsstoff Why study domestication?
Kategori:Biologi Kategori:Landbrukshistorie Kategori:Kulturplantar