Svend Foyn () var ein norsk skipsreiar og grunnleggjar av den moderne kvalfangsten.
Foyn reiste til sjøs i ung alder og vart skipper allereie då han var 24 år. Han studerte språk i Frankrike og England, sigla til Spania og Frankrike og dreiv samstundes med eksport og import. Han gjorde eit banebrytande arbeid innan selfangst og skapte ein viktig ny næringsveg. Han deltok sjølv i ein selfangstekspedisjon i 1844 og teikna ei ishavsskute som vart mønster for bygging av desse.
I 1847 organiserte Foyn sin fyrste kvalfangstekspedisjon til Nord-Noreg. I 1863 industrialiserte han den fyrste granatharpunen med eksploderande hovud basert på Erik Eriksen og Jacob Nicolai Walsøe sin idé og design. I 1864 vart kanonen montert på den fyrste dampdrivne kvalfangstskuta i verda, «Spes & Fides», bygt ved Nylands mekaniske verksted i Christiania. Fartøyet var 94 fot langt, med ein 20 hestekrefters maskin; maksimal fart var sju knop.
Svend Foyn revolusjonerte kvalfangsten, på godt og vondt. Ved sin død etterlet han seg ei formue på fire millionar kroner, og ein industri som etter mange år var nær ved å utrydde dei store havpattedyra.
Foyn bidrog med finansiell støtte til misjonsverksemda og til oppføringa av bedehus, skular og barneheim i Tønsberg. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1853, forfremja til kommandør i 1870 og mottok storkrossen i 1893.
Svend Foyn har fleire stader i Antarktis kalla opp etter seg. Kyststrekninga Foyn Coast Foyn Harbour, som var ein aktiv stad for kvalfangstaktiviteten ved Den antarktiske halvøya Foyn Point, eit nes langs Foyn Coast. Foyn Island den nest største øya i Possession Island.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Svend Foyn» frå , den 1. februar 2010. oppgav desse kjeldene: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
Litteratur Alf R. Jacobsen (2008) Svend Foyn. Fangstpioner og nasjonsbygger, Aschehoug. ISBN 978-82-03-232169 Jan Østby (1953) Hvalkongen. Eventyret om Svend Foyn, Gyldendal. Arne Odd Johnsen (1943) Svend Foyn og hans dagbok, Fabritius.
Bakgrunnsstoff kvalfangstmuseet i Sandefjord Norsk Biografisk Leksikon
Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske kvalfangarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Tønsberg