Arran eller Isle of Arran (skotsk-gælisk Eilean Arainn) er den største øya i Firth of Clyde i Skottland med eit areal på og den sjuande største i Skottland. Ho høyrer til regionen North Ayrshire og hadde i 2001 5058 innbyggjarar. Ho vert ofte knytt til Hebridane, og deler mykje av kulturen her, men desse øyane ligg lenger nord og vest for Kintyre. Arran er fjellkledd og har vorte skildra som eit paradis for geologar.Haswell-Smith (2004) s. 11-17.

Øya har vore kontinuerleg busett sidan tidleg i yngre steinalder og det er gjort mange førhistoriske funn. Frå 500-talet koloniserte goidelsktalande folk frå Irland øya og ho vart eit senter for religiøs aktivitet. Under den trøblete vikingtida vart Arran underlagt Noreg før ho vart formelt innlemma i kongedømet Skottland på 1200-talet. Mange av stadnamna har norrønt opphav. Håkon IV vitja øya i 1263 i samband med at den skotske kongen kravde suverenitet over dei norske øyane. Besøket enda i slaget ved Largs.

På 1800-talet vart folketalet kraftig redusert og det gæliske språket og levemåten forsvann meir eller mindre. Økonomien og folketalet på øya har betra seg dei siste åra og hovudnæringa i dag er turisme. Her finst mangfaldig dyreliv med tre artar som er endemiske for området.

Bakgrunnsstoff

Satellittbilete av Arran The Sleeping Warrior Arran.info - interaktiv guide

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isle of Arran» frå , den 6. februar 2010. oppgav desse kjeldene: Downie, R. Angus (1933) All About Arran. Glasgow. Blackie and Son. Hall, Ken (2001) The Isle of Arran. Catrine. Stenlake Publishing. ISBN 978-1-84033-135-6 Haswell-Smith, Hamish (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate. ISBN 1-84195-454-3

Kategori:Øyar i Firth of Clyde Kategori:Vulkanar i Skottland Kategori:Utdøydde vulkanar