Frederick Winslow Taylor () var ein amerikansk ingeniør og oppfinnar. Han såg tidleg viktigheita av rasjonalisering og effektivisering i industrien. I 1881 utførte han difor dei første tidsstudie i eit stålverk. Ut frå dette arbeidet utvikla han ein teori om scientific management (vitskapleg - dvs. rasjonell bedriftsleiing), også kalla taylorisme. Denne metoden er basert på ein systematisk analyse av dei einskilde elementa i ein arbeidssituasjon, ikkje sjeldan med utgangspunkt i tidsstudie. Han vert saman med Henry Ford rekna for å vere mellom dei viktigaste drivkreftene bak utviklinga av den kapitalistiske storindustrien..
Kjelder
Fotnotar
Kategori:USA-amerikanske ingeniørar Kategori:Folk frå Philadelphia