Eileach an Naoimh, òg kjend som Holy Isle, er ei busetnadslaus øy i Indre Hebridane på vestkysten av Skottland. Ho er den sørlegaste av øyane i Garvellachs og ligg i Firth of Lorne mellom Mull og Argyll. Namnet er skotsk-gælisk for «den steinete staden til helgenen».Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Rundt år 542 grunnla St. Brendan eit kloster på Eilach, som ein trur er denne øya. Dette kan bety at dei eldste restane av eit kyrkjebygg i Storbritannia ligg her, sjølv om dei første skriftlege kjeldene som nemner kyrkjar er frå seint på 800-talet. Ein trur at Columba har vitja øya. Eileach an Naoimh kan ha vore gravstaden til mor til Columba, Eithne.Pallister, Marian (2005) Lost Argyll: Argyll's Lost Heritage. Edinburgh. Birlinn. s. 120 og 133.Marsden, John (1995) The Illustrated Life of Columba. Edinburgh. Floris Books s. 110. mini|venstre|Ruinane av eit kapell på Eileach an Naoimh Klosteret vart øydelagd, eller i det minste plyndra, av vikingane frå rundt år 800. Øya har truleg berre vore busett periodevis etter dette.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eileach an Naoimh» frå , den 12. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Indre Hebridane Kategori:Geografi i Argyll and Bute