Fredrik William Houlder Zachariasen () var ein norsk-amerikansk fysikar som frå 1930 hadde virket sitt ved University of Chicago. Han er mest kjend for røntgenundersøkingane han gjorde av krystallar, og i 1945 gav han ut boka Theory of X-ray Diffraction in Crystals.
Han studerte i Oslo og fekk doktorgraden i 1928. Han studerte så i Manchester i Storbritannia med Sir Lawrence Bragg, før han kom til Chicago i 1930. Han leia det fysiske instituttet ved University of Chicago frå 1945 til 1950, og igjen frå 1956 til 1959. Han vart òg etter kvart professor. Under den andre verdskrigen deltok han i Manhattanprosjektet, som utvikla atombomba.
Kjelder
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Folk frå Bamble