Soay (skotsk-gælisk Sòdhaigh) er ei øy like utanfor Skye i Indre Hebridane i Skottland.

Soay ligg vest for Loch Scavaig ved sørvestkysten av Skye, og mellom desse ligg Soay Sound. I motsetnad til naboøyane Skye og Rùmer Soay lågtliggande og Beinn Bhreac er det høgaste punktet på 141 meter over havet. Øya er forma som ei handvekt og er nesten delt i to av dei to vikene Soay Harbour i nord go hovudvika Camas nan Gall i sør. Den største busetnaden er Mol-chlach ved Camas nan Gall.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543. Ein kan kome til øya med båt frå Elgol.

Historie venstre|mini|Det tidlegare hovudkvarteret til The Island of Soay Shark Fisheries Ltd Namnet kjem frå det norrøne so-øy som tyder «Saueøya». Camas nan Gall (gælisk for «Utlendingsbukta») er truleg kalla opp etter vikingane, som heile Hebridane òg er kalla opp etter på gælisk.

Folketalet var størt med 158 i 1851, og etter dette starta Highland clearances, då mange vart tvungne til å flytte.

I 1946 kjøpte forfattaren Gavin Maxwell øya og oppretta ein fabrikk for å handsame kvalolje frå brugder. Føretaket gjekk ikkje bra og varte berre tre år. Maxwell skreiv om dette i boka si Harpoon at a Venture.ISBN 1899863281 I løpet av dei tre åra fall talet på brugdene i området kraftig, og har aldri kome seg att etter dette.

Tidlegare var øya hovudsakleg eit skotsk-gælisk-talande område, men dei fleste innbyggjarane vart evakuerte til Mull den 20. juni 1953. Sidan den gong har øya vore tynt folkesett og under folketeljinga i 2001 var det berre sju innbyggjarar her.

Øya har det første soldrivne telefonesambandet i verda.

Det vart gjevne ut lokale frimerke for Soay mellom 1965 og 1967

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Soay, Skye» frå , den 21. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Indre Hebridane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland