Eit grann, av norrønt grand, truleg opphavleg 'noko knust', jamfør engelsk to grind, 'å knuse', er ei uttrykk for ei svært lita mengd. Ordet var i eldre tid den minste masseeininga. Eit grann (i eldre rettskriving gran) tilsvarte i Noreg 3,8 milligram.

16 grann var 1 æs 16 æs var 1 ort 16 ort var 1 lodd 16 lodd var 1 mark, eller nær 1/4 kg

Som pengevekt var utgangspunktet noko lettare, slik at grannet berre vog om lag 3,6 milligram, medan apotekarane brukte medisinalvekt og opererte med såkalla nürenberggran, som vog 62 milligram (0,062 g).

Kjelder

Språkrådet: «Åtte potter rømme, fire merker smør – Om gammalt mål og gammal vekt», I: Språknytt. Nr 4, 2006. Nynorskordboka Kristian IVs norske lov av 1604 Norsk Forlishistorisk ForeningGamle danske måleenheter

Kategori:Gamle måleiningar Kategori:Måleiningar for masse Kategori:Gamle ord og uttrykk